Hopp til innhold

Tyskland kastar ut amerikansk diplomat

– Å spionere på sine allierte er bortkasta energi, sa den tyske forbundskansleren Angela Merkel tidlegare i dag. Timar seinare gjer tyskarane det klart at dei kastar ut ein tilsett ved den amerikanske ambassaden, som skal vere mistenkt for spionasje.

G7/ U.S. President Barack Obama and German Chancellor Angela Merkel listen during the G7 Summit working dinner in Brussels

Det har vore spent mellom Tysklands statsminister Angela Merkel og USAs president Barack Obama det siste året, etter at det vart kjent at USA har avlytta Merkels telefon. No har Tyskland bestemt seg for å kaste ut CIA-sjefen i Tyskland.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Avgjersla om å kaste ut diplomaten, som av fleire medium vert omtalt som sjefen for CIA i Tyskland, kjem berre timar etter at det vart kjent at tysk politi har starta etterforsking av to saker der USA skal ha spionert på Tyskland.

Tyske styresmakter stadfestar at det er ein samanheng mellom etterforskinga og utvisinga av diplomaten.

Mannen som no har fått beskjed om å reise frå landet skal vere tilsett i kommunikasjonsavdelinga ved den amerikanske ambassaden i Berlin, og er mistenkt for spionasje.

Talskvinne ved Det kvite hus, Caitlin Hayden, seier at USA har notert seg det som har skjedd, men at dei ikkje har nokre umiddelbare kommentarar på påstandane om spionasje.

– Dumskap

Tyske politikarar har dei siste dagane vore særs klare på at spionasje på eigne allierte er uhøyrt og bortkasta.

– Dette er berre dumskap, og så mykje dumskap gir ein lyst til å byrja å grine, sa finansminister Wolfgang Schäuble tidlegare i dag ifølgje NTB.

LES OGSÅ: Spiegel: Merkel kan ha vært overvåket i ti år

LES OGSÅ: Tyskland etterforsker avlytting av Merkel

Dagens nyheiter om utkasting og politietterforsking er berre dei siste i ei lang rekkje pinlege saker for amerikansk etterretning i Tyskland. I oktober i fjor vart det kjent at USA skal ha avlytta telefonane til 35 statsleiarar og ein av dei skal vere Angela Merkel.

Avsløringa er eit resultat av Edward Snowden sine lekkasjar, og skapte stor debatt i Tyskland.

Samtaler i Washington

Dei to landa, som dei siste tiåra har vore nære allierte, har hatt samtalar om temaet dei siste månadane, men tyskarane melder om skuffande respons frå sine kollegaer i Washington.

– Me opplever at samtalepartnarane har veldig lita forståing for problemet, sa leiaren for utanrikskomiteen i det tyske parlamentet, Norbert Röttgen i går, ifølgje NTB.

Han sa vidare at den tyske delegasjonen ikkje fekk svar på spørsmål om spionsakene, og åtvara om at det heile kan ende opp i ei «frosen konflikt».

USA ville i går på si side ikkje kommentere påstandane om amerikansk etterretningsverksemd i Tyskland.

Men no kan det sjå ut til at tyskarane har gjort alvor ut av sine trugslar, ved å starte politietterforsking av moglege amerikanske spionar, og kaste ut CIA-sjefen frå landet.

SISTE NYTT

Siste nytt