Hopp til innhold

Vil stenge Twitter i Tyrkia

Fleire Twitter-brukarar i Tyrkia har store tekniske problem med den sosiale nettstaden, kort tid etter at statsminister Erdogan truga med å stenge nettstaden.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan.

VIL STENGE TWITTER: Statsminister Erdogan meiner Twitter er fullt av løgn og trøbbel.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / Afp

– Vi vil utrydde Twitter, eg bryr meg ikkje om kva det internasjonale samfunnet seier. Alle vil få sjå kor mektig den Tyrkiske republikken er, sa statsminister Recep Yayyip Erdogan i ein tale i den vestlege byen Bursa på torsdag.

Twitter-brukarar i Tyrkia melder no om store tekniske problem, kort tid etter talen. Brukarane fekk berre opp ei fråsegn frå det tyrkiske teletilsynet der dei viser til ei rettsleg kjenning som ei årsak til at tilgangen er blokkert.

Dei siste vekene har lydopptak og dokument som skal bevise korrupsjon i kretsen kring statsminster Erdogan blitt lagt ut på den sosiale nettstaden.

Fleire gonger tidlegare har statsministeren truga med å stenge Facebook og Youtube, skriv avisa Hurriyet Daily News.

SISTE NYTT

Siste nytt