Hopp til innhold

Tyrkia kan sende soldatar mot IS

Det tyrkiske parlamentet har sagt ja til at tyrkiske militære styrkar kan delta i krigen mot IS i Irak og Syria.

Tyrkias forsvarsminister Ismet Yilmaz.

Forsvarsminister Ismet Yilmaz la fram regjerings sitt syn for parlamentet før avrøystinga.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Dermed kan tyrkiske styrkar bli sette inn i kampen mot IS i dei to nabolanda Irak og Syria. Tyrkia har fått kritikk frå fleire hald for at landet har vore tilbakehalden med å delta i kampen mot Den islamske staten IS.

Kurdiske flyktningar nær Kobane.

Syrisk-kurdiske flyktningar søkjer ly for regnet etter å ha kome over grensa til Tyrkia.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Vedtaket opnar også for at utanlandske soldatar kan stasjonerast i Tyrkia for å delta i kampen mot IS, og at andre land kan bruke tyrkiske militærbasar til dette formålet.

Mandatet frå parlamentet varar i eitt år.

Kampar nær grensa

298 av dei 550 representantane i den tyrkiske nasjonalforsamlinga røysta for resolusjonen, medan 98 røysta mot. Debatten varte i fleire timar.

IS gjennomfører no ein offensiv mot den syriske byen Kobane, som ligg heilt inn til den tyrkiske grensa. Dei fleste innbyggjarane i byen har flykta til Tyrkia, og byen blir forsvart av den kurdiske gruppa YPG.

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen er i grenseområdet mellom Syria og Tyrkia , og han seier at IS kjem har kome stadig nærmare sentrum av byen det siste døgnet.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har tidlegare sagt at luftangrep mot IS ikkje er nok, og at det er naudsynt også å arbeide for å fjerne Bashar al-Assad frå makta i Syria.

Kurdiske flyktninger på gensen til Tyrkia ved Kobane/Ayn Al-Arab

Det har vore ein stor flyktningstraum frå Kobane over grensa til Tyrkia.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

Fryktar sterkare PKK

Tyrkia er også redd for at den militære aksjonen mot IS, og støtte til kurdiske grupper sin kamp mot IS, kan styrkje PKK, ei militant kurdisk gruppe som i fleire år har vore i krig Tyrkia. Det er eit stor dilemma for Tyrkia at YPG, som forsvarar grensebyen Kobane, blir rekna for å vere ein alliert av PKK.

PKK står på lista over terrororganisasjonar til både Tyrkia, USA og EU, trass i at organisasjonen skreiv under ein våpenkvileavtale med den tyrkiske regjeringa i 2013.

Politiske observatørar i Ankara trur ikkje at vedtaket i det tyrkiske parlamentet i kveld vil føre til ein rask tyrkisk intervensjon i konflikten. Det viktigaste på kort sikt er truleg at landet no opnar for at USA og andre land som deltek i luftangrepa mot IS, kan bruke tyrkiske basar.

Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif.

Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif er uroleg for Tyrkias rolle i kampen mot IS.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Det at Tyrkia også har som eit uttalt mål å bli kvitt Assad-regimet i Syria, har fått Iran til å reagere. Iran er saman med Hizbollah i Libanon den viktigaste støttespelaren til Bashar al-Assad og regimet hans.

Iran uttrykkjer uro

Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif har i kveld ringt til sin tyrkiske kollega Mevlut Cavusoglu etter at den tyrkiske nasjonalforsamlinga gav klarsignal til å delta i kampen mot IS i Irak og Tyrkia.

Zarif kritiserte metoden som er valt for å kjempe mot terrorisme, medan han uttrykte uro for alle handlingar som vil kunne forverre situasjonen, heiter den noko diffuse meldinga frå det statlege iranske nyheitsbyrået IRNA.

Tyrkia støttar fleire av opprørsgruppene som vil styrte Assad, og fleire kurdiske grupper har skulda landet for også å ha støtta IS. Dette har blitt avvist av tyrkiske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt