Hopp til innhold

Tsipras reknar med avtale tysdag

Statsminister Alexis Tsipras seier i kveld at han reknar med ein avtale med kreditorane innan to døgn etter folkerøystinga førstkomande søndag.

Demonstrasjon mot EU i Aten.

Det var tilløp til samanstøytar mellom politi og anti EU-demonstrantar utanfor bygningen til EU-kommisjonen i Aten i dag.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

I eit intervju med fjernsynskanalen ANT 1 sa han at problema med bankane ikkje vil vare lenge. Han vedgjekk at det er audmjukande at greske pensjonistar må stå timevis i kø for å få ut pensjonen sin, men han la skulda på dei andre landa i eurosona.

Tsipras meinte at desse landa hadde pressa Den europeiske sentralbanken (ECB) til å fryse naudsynte utbetalingar til greske bankar. Han tok opp att det han har sagt tidlegare, om at han ynskjer at Hellas skal halde fram i eurosamarbeidet.

Bad folket seie nei

Han gjorde det likevel klart at det er naudsynt at veljarane røystar nei til vilkåra kreditorane har sett fram, slik at regjeringa har folket i ryggen når dei skal forhandle fram ein avtale.

Den greske statsministeren Alexis Tsipras taler

Statsminister Alexis Tsipras trur på ein avtale med kreditorane seinast to døgn etter folkerøystinga søndag.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Både statsminister Alexis Tsipras og finansminister Yanis Varoufakis har oppmoda dei greske veljarane til å røyste nei til vilkårspakken frå kreditorane. Dei har på heimebane kalla krava for absurde, urealistiske og eit forsøk på å audmjuke grekarane. Tsipras har også kalla krava frå EU og IMF for utpressing.

Alle bankane i Hellas held stengt for vanlege kundar denne veka, med unntak for pensjonistar utan bankkort, som går ta ut kontaktar frå bankane i avgrensa periodar. Samstundes er det innført eit maksimumsuttak i minibankar på 60 euro i dag.

– Har ødelagt drakmepressene

Kyrkja trassar regjeringa - ber grekarane røyste ja

– Snakkar med to tunger

Denne maksgrensa gjeld berre for grekarar. Turistar får ta ut så mykje dei vil, men dei må stå i dei same køane som dei fastbuande.

I møte med EU-politikarar har dei snakka meir diplomatisk og uttrykt ynskje om å byggje bru over usemja. Fleire politikarar i Brussel har skulda den 40 år gamle greske statsministeren for å snakke med to tunger.

I dag har også Det internasjonale pengefondet (IMF) kome med ei sterk åtvaring om at Hellas vil trenge ytterlegare 50 milliardar euro dei neste tre åra.

– Har ødelagt drakmepressene

SISTE NYTT

Siste nytt