Hopp til innhold

Truleg ingen avtale om Shalit

Israels statsminister Ehud Olmert skuldar Hamas for å stille nye og hardare krav for å setje fri den israelske soldaten Gilad Shalit.

Den bortførte soldaten Gilad Shalit

Det ser ikkje ut til å bli nokon avtale om den israelske soldaten Gilad Shalit, som blir halden fanga av Hamas på Gazastripa.

Foto: HO / AP

Den israelske regjeringa kjem saman i morgon tysdag til ein spesialsesjon, der resultatet av forhandlingane i Egypt skal leggjast fram.

Det har vore samtalar i Cairo om ei fangeutveksling der Gilad Shalit blir sett fri i byte med fleire hundre Hamas-medlemer, som sit i israelske fengsel.

Ehud Olmert

Israels statsminister Ehud Olmert.

Foto: DAN BALILTY / AP

I ei fråsegn frå statsministeren sitt kontor blir det sagt at Hamas har gått tibake på ting det har vore semje om, og at dei har gått tilbake til tidlegare krav. Hamas har ikkje teke mot det Olmert kallar sjenerøse israelske tilbod.

Dermed blir det truleg inga fangeuitveksling i denne omgang.

Usemja går truleg på at Hamas krev at fleire som er dømde for angrep mot israelske mål skal setjast fri i byte mot Shilat.

Gilad Shalit vart teken til fange av Hamas i juni 2006, då ei væpna gruppe frå Hamas gjekk over grensa til Israel frå Gazastripa og greidde å ta Shalit til fange.

SISTE NYTT

Siste nytt