Hopp til innhold

Troll har fått sin eigen "Sonja-peilar"

Kong Harald spøkte med at forskingsstasjonen Troll var kalla opp etter dronninga. I dag avslørte han at dronning Sonja har sett sine tydelege spor i Troll-landskapet.

Radiopeilar på Troll oppkalla etter dronninga

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det viser seg altså å vere litt sant i den kongelege spøken frå "Året med kongefamilien". Det er ein peilestasjon på flystripa Troll Airfield som har fått dronninga sitt namn. – Der står det Sonja på den eine sida og Harald på den andre, fortalde kongen i dag.

– Eg må vedgå at eg har vore litt misunneleg på dronning Sonja som var her då Troll blei opna som heilårsstasjon for ti år sidan. Eg skulle svært gjerne ha vore her allereie då, sa kongen då han møtte norsk presse på blåisen vest for Troll onsdag ettermiddag.

Pressemøte med kongen i Antarktis

Så eg har lenge hatt lyst til å komme hit og sjå denne staden med eigne auge, sa kongen. – Dronninga var jo svært begeistra då ho kom heim.

– Utruleg vakkert

I løpet av dagen har kongen gjort seg kjend i området, og fått høyre kva som blir utført av forskingsarbeid her. Det har vore sterke inntrykk.

Det er jo vakkert – utruleg vakkert. Det er svært vanskeleg å fatte at det er så stort og så stilt her. Det er jo ikkje ein lyd, seier kongen etter den første dagen i Dronning Maud Land.

– Kongen har vore engasjert i klimaspørsmål i sidan 70-talet. Kor viktig er forskinga som skjer på dette feltet?

– Dersom vi ikkje veit kva som fører til at klimaet endrar seg, så kan vi ikkje gjere noko med det. Derfor er innsatsen forskarane gjer, svært viktig, seier kongen.

Frå Amazonas til Antarktis

I løpet av dagen har han mellom anna fått høyre at luftmålestasjonen her i Antarktis har fanga opp partiklar frå skogbrenning i Amazonas – eit område kongen sjølv har besøkt.

Det viser berre at denne kloden heng saman. Før trudde ein at dette området var heilt avsondra frå resten av kloden, men det viser seg jo at det slett ikkje er det.

Antarktis direkte

Kongen understrekar at vi alle har eit ansvar for å ta vare på klimaet.

– Det burde jo vere slik at kvar generasjon leverer frå seg kloden i ein litt betre tilstand enn førre generasjon. Men eg er ikkje sikker på at min generasjon kjem til å gjere det, seier kongen.

Har tru på dei unge

Han meiner det likevel er grunn til å vere optimistisk.

Eg trur born og unge i dag er mykje meir fornuftige enn vi var. Eg trur dei kan mykje meir enn vi kunne. Vi ante jo ikkje at dette var noko problem ein gong, seier kongen.

SISTE NYTT

Siste nytt