Hopp til innhold

Tok beslag i mafiaverdiar for 17 milliardar

Italiensk politi held fram offensiven mot organisert kriminalitet i landet. I ein aksjon mot 'Ndrangheta-mafiaen i dag vart det teke beslag i verdiar for to milliardar euro, over 17 milliardar norske kroner.

Italias innenriksminister Angelino Alfano

– Dette er eit alvorleg slag for 'Ndrangheta-mafiaen, seier Italias innanriksminister Angelino Alfano.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Denne gongen var det ulovlege pengespel politiet var ute etter. Dei gjekk til aksjon mot 1500 lokale for pengespel og 82 gamblingsider på Internett. Dei aksjonerte også mot 11 utanlandske selskap i Malta (6), Spania (2), Romania (2) og Austerrike (1).

'Ndrangheta-mafiaen, som har hovudsetet sitt i Calabria heilt på sørspissen av det italienske fastlandet, er i dag den mektigaste mafiagrupperinga i Italia. Dei har kontroll over store delar av kokaintrafikken frå Sør-Amerika til Europa, og har sterke band til mektige narkotikakartell i Colombia og Mexico.

Misbrukte spelekontoar

I aksjonen i dag vart det utferda arrestordrar på 28 personar, som er mistenkte for å organisere den ulovlege spelinga. I tillegg er 23 personar sette i husarrest eller pålagde meldeplikt.

'Ndrangheta-mafiaen har kvitvaska enorme summar ved bruk av spelekontoar som står på ulike brukarar hos desse selskapa. Ein del har vore klar over kva som har gått føre seg, medan andre igjen ikkje hadde peiling på kva kontoane deira vart brukte til.

Ulovleg søppelfylling i Caivano i Italia.

La Camorra er mistenkt for å ha etablert denne ulovlege søppelfyllinga i byen Caivano utanfor Napoli.

Foto: Salvatore Laporta / Ap

Innanriksminister Angelino Alfano seier i dag at aksjonen er eit alvorleg slag mot 'Ndrangheta.

Nedgangstidene i Italia dei siste åra har gjort at dei tre viktigaste mafiagrupperingane i det sørlege Italia, Cosa Nostra på Sicilia, 'Ndrangheta i Calabria og Camorra i Napoli-området har styrkt makta si. Selskap dei kontrollerer har fått kontroll over stadig fleire viktige samfunnsoppgåver.

«Gudfaren» junior er turistguide i Corleone

Transport og søppel

Ndrangheta kontrollerer store delar av transportnæringa i Calabria, og kanskje også i andre delar av Italia. Camorra har vore kjent for å kontrollere det meste innan renovasjon og søppel i sitt område, både den lovlege og ulovlege delen av næringa.

Italia nær vendepunkt i kampen mot ‘Ndrangheta-mafiaen

Nyleg vart det oppdaga eit gigantisk område utanfor Napoli der det var dumpa farleg ulovleg avfall , og politiet meiner det er La Camorra som har organisert den livsfarlege verksemda.

'Ndrangheta har også fått eit stadig sterkare fotfeste i det nordlege Italia, blant anna i Milano-området.

Den siste tida har det også vakse fram ei ny mektig mafiagruppering i hovudstaden Roma, kalla «Mafia Capitale». Denne grupperinga spring ut frå ei høgreekstrem gruppe som herja i Italia på 1970-talet.

Krise i Roma

«Mafia Capitale» har hatt kontroll over selskapa som på oppdrag frå Roma by har stått ansvarleg for å skaffe bustader til blant anna flyktningar og heimlause i byen. Antimafia-politiet meiner dei har hatt eit sugerøyr ned i den romerske bykassa .

Både politikarar og tilsette i administrasjonen i Roma er mistenkte for å ha vore i lomma på den kriminelle grupperinga. Denne skandalen har vore ei sterkt medverkande årsak til at Roma i dag er ramma av ei alvorleg krise , både økonomisk og omdømmemessig.

Ei femte mektig, men mindre omtralt mafiagruppering, er Sacra Corona Unita, som har hovudsetet sitt i den søritalienske kystbyen Brindisi.

mafia di Italia

SISTE NYTT

Siste nytt