Hopp til innhold

Tilnærming møtt med jubel i Havanna

– Tilnærminga mellom USA og Cuba blir teken godt imot her i Havanna, seier den norske forskaren og Cuba-eksperten Borghild Tønnessen-Krokan. Ho har budd på Cuba dei siste to og eit halvt åra.

Elevar og lærarar jublar i Havana.

Elevar og lærarar på ein skule i Havanna jublar etter talen til Raoul Castro.

Foto: Steve Russell / ZUMAPRESS.com

Den norske forskaren har inntrykk av at dei fleste kubanarar ynskjer tilnærminga velkomen. Ho har to gjestar i huset sitt når vi snakkar med henne på telefonen, ein ung kvinneleg kunstnar og ei 60 år gammal kvinne.

– 60-åringen jubla då ho såg talen til Raúl Castro på fjernsyn. Ho sa at ho aldri hadde trudd at ho skulle få oppleve dette, seier Borghild Tønnessen-Krokan til NRK på ei skurrete telefonline frå Havanna. Den unge kunstnaren på besøk er glad for at det no etter alt å dømme blir lettare å halde kontakten med vener som har reist frå Cuba.

– Støtte i USA

Borghild Tønnessen-Krokan i Havana.

Borghild Tønnessen-Krokan framfor det amerikanske interessekontoret i Havanna, som no kanskje bli ambassade.

Foto: Privat

Tønnessen-Krokan kan fortelje at meiningsmålingar i USA tydeleg har vist at eit fleirtal støttar ei oppmjuking av forholdet til Cuba , trass i at ein del politikarar har vore motstandarar av ein ny politikk. Ho trur likevel at initiativet frå Obama-administrasjonen om ei betring i forholdet til den karibiske kommuniststaten vil få gjennomslag.

Borghild Tønnessen-Krokan fortel at gjennombrotet i forholdet mellom USA og Cuba ikkje kom som noko stor overrasking. Det har lenge vore klart at Raúl Castro har sett i verk omfattande reformer med mål å betre økonomien.

– For å få til ei betring av økonomien er tilnærminga til USA svært viktig. Det har vore forhandlingar mellom landa ei stund, blant anna om immigrasjon og beredskap i samband med oljeutvinning. Desse møta har vore karakteriserte som gode og konstruktive, seier ho.

LES OGSÅ: Kongressen kritiserer Obamas Cuba-plan

Amatørvideo fra Havana.

VIDEO: Sjå Tønnessen-Krokan sine bilete frå Havanna.

Mot slutten for Castro

– Kan denne tilnærminga vere byrjinga på slutten av det noverande regimet på Cuba?

– Det blir det uansett. Raúl Castro har sagt at han berre vil sitje til 2018, og han er den siste av dei gamle revolusjonsheltane. Det blir spennande å sjå kven som kjem etter han, seier ho.

Borghild Tønnessen-Krokan har i løpet av dei to og eit halvt åra ho har budd på Cuba ikkje merka sterke antiamerikanske kjensler blant folk.

Raoul Castro talte til nasjonen.

Raoul Castro talte til den kubanske nasjonen på fjernsyn klokka 12 i dag lokal tid.

Foto: - / Afp

– Når det gjeld forholdet til USA er det sjølvsagt ein del som er meir kritiske enn andre. Mange meiner likevel at kubanske styresmakter har brukt den amerikanske handelsblokaden som eit påskot for å ha eit strengt regime. Andre igjen meiner det er viktig å halde trykket mot regimet oppe for å få det bort, seier ho.

LES OGSÅ: Solberg: – Forsoningen er veldig bra

– Sensur og sjølvsensur

Den norske forskaren har inntrykk at folk flest på Cuba både opplever sensur og utøver sjølvsensur.

– Mitt inntrykk er at folk ynskjer meir fridom, blant anna for å kunne etablere eigne verksemder. Dei er også opptekne av daglege ting som at maten blir stadig dyrare, samstundes som lønningane ikkje blir høgare.

Borghild Tønnessen-Krokan har blant anna vore medforfattar av rapporten «Which Way Cuba?» , publisert av Norsk Utanrikspolitiske Institutt (NUPI).

SISTE NYTT

Siste nytt