Hopp til innhold

Tigeren nekta å flytte seg for bilen

Dei fleste av oss har vel opplevd at sauer, geiter eller kyr har sperra vegen for oss på varme sommardagar. Men det er vel dei færraste som har opplevd at ein tiger har hindra oss i å kome vidare, slik det skjedde med ein russisk mann nyleg.

Vi er så langt aust i Russland som det er mogleg å kome, i området mot grensa til Kina, ikkje langt frå stillehavsbyen Vladivostok. Ein mann kom køyrande i bilen sin då han oppdaga ein sibirsk tiger, også kalla amurtiger, i vegkanten.

Amurtigeren er ei av dei mest trua dyreartane i verda, og er sjølvsagt freda.

Mannen filma tigeren med mobiltelefonen sin, samstundes som han gjorde det han kunne for å få dyret til å flytte seg. Han ruste motoren, skrudde opp musikken, men utan resultat. Amurtigeren gjorde ikkje mine til å flytte seg. Tvert imot. Han såg ut til å ignorere bilen fullstendig.

Ekspertar seier til russiske medium at dette på ingen måte er uvanleg, fordi amurtigrar reagerer slik på alt dei ikkje oppfattar som ein trussel. Og det er heilt tydeleg at denne tigeren ikkje oppfattar bilen som ein trussel.

Mannen som filma det sjeldne dyret framfor bilen sin, har sjølv posta videoen på Youtube, men har insistert på å vere anonym.

Vladivostok