Hopp til innhold

Tidlegare russisk statsminister: – Drapet har fått folk til å vakne

MOSKVA (NRK): – Eg trur folk i Russland har vakna etter drapet på Boris Nemtsov. Dei har fått eit nytt bilete av kva som skjer her i landet, seier tidlegare statsminister Mikhail Kasjanov.

Minnemarsj for Nemtsov i Moskva.

Eit hav av menneske samla seg for å heidre den drepne opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov i Moskva i ettermiddag. Kreml i bakgrunnen.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

Mikhail Kasjanov og Boris Nemtsov deltok begge i gjenoppbygginga av den russiske økonomien på 1990-talet. Begge to har vore sterkt kritiske til korleis Russland utvikla seg etter at Vladimir Putin kom til makta.

NRK møtte Kasjanov under støttemarkeringa for Nemtsov i sentrum av Moskva i dag. Han har høyrt at så mange som 100.000 menneske hadde møtt fram for å heidre minnet av demokratiforkjemparen Boris Nemtsov.

– Eit vendepunkt for Russland

Russlands tidlegare statsminister Mikhail Kasjanov.

– Eg trur drapet på Boris Nemtsov blir eit vendepunkt i det moderne Russlands historie, seier tidlegare statsminister Mikhail Kasjanov.

Foto: NRK

– Det overraskar meg ikkje at det er så mange, eg set stor pris på det. Eg trur at denne tragiske hendinga er eit vendepunkt i det moderne Russlands historie. Før trudde folk at dei kunne sitje roleg på kjøkkenet og diskutere problema i landet innanfor familien. No forstår dei at dei må vakne, at dei må tenkje over kva som skjer i det russiske samfunnet, seier Kasjanov til NRK.

Han fortel at han fekk fullstendig sjokk då han høyrde om drapet på venen og politikarkollegaen Boris Nemtsov seint fredag kveld.

– Eg kom hit og såg liket hans. Eg trudde ikkje slikt kunne skje i sentrum av Moskva i det 21. hundreåret, seier han.

Dagsrevyen-innslag om minnemarkeringa i Moskva.

VIDEO: Titusenvis marsjerte til minne om Nemtsov.

Tusenvis marsjererte for Boris Nemtsov

– Putin er skuffa

Kasjanov trur også at president Vladimir Putin er skuffa over drapet, kanskje av andre grunnar enn han sjølv, men han trur ikkje at noko tener på det som har skjedd.

Også andre opposisjonspolitikarar reagerer sterkt på det som skjedde på Bolsjoj Moskvoretskij-brua i sentrum av Moskva klokka 23.40 lokal tid sist fredag.

– Dersom vi kan stanse hatkampanjen som er retta mot opposisjonen har vi ein sjanse til å endre Russland. Viss ikkje risikerer vi ein omfattande konflikt blant innbyggjarane, seier Gennadij Gudkov til nyheitsbyrået Reuters.

Sergej Mitrokhin, også han ein sentral opposisjonell, seier at Russland ikkje har noko framtid dersom politiske syn blir straffa på denne måten.

– Nemtsov drepen på grunn av Ukraina-bevis

Sorgtunge moskovitter hedret Nemtsov

Sprikande tal

Det er sprikande tal for kor mange som deltok i marsjen i sentrum av Moskva i dag. Arrangørane seier i ettermiddag at 70.000 deltok, medan politiet opplyser at det var 16.000.

Massemønstringar som dette er ikkje vanleg i Moskva, og styresmaktene utøvar streng kontroll med arrangement som kan knytast til opposisjonen.

I den nest største byen i Russland, St. Petersburg, deltok rundt 6000 menneske i ein minnemarsj for Nemtsov.

SISTE NYTT

Siste nytt