London-politiet tok fleire beslag i husværet til Hamza i det vestlege London i dag. (Foto: AFP/Scanpix)
Abu Hamza al-Masri vart arrestert i London i natt. Han er kjend for sine ekstreme synspunkt, som han har framført i den vidgjetne Finsbury Park-moskeen i det nordlege London, ein kjend samlingsstad for ekstreme muslimar. USA krev at imamen blir utlevert.
Heilag krig
Han har ved fleire høve sagt at han er ein beundrar av Osama bin Laden, og han har oppmoda til heilag krig mot vestlege mål.
USAs justisminister John Ashcroft sa på ein pressekonferanse i dag at Hamza er tiltalt blant anna for gisseltaking i samband med eit angrep i Jemen i 1998. Fire gislar vart drepne. Gisseltaking kan medføre dødstraff i USA, men Storbritannia har gjort det klart at dei ikkje vil utlevere Hamza dersom han risikrerer dødsstraff.
Etter terroråtaka mot USA 11. september 2001 uttrykte Hamza sterk støte til Osama bin Laden og Al Qaida-nettverket.
- Bin Laden er ein bra mann. Alle likar han i den muslimske verda. Det er ikkje noko gale med han og trua hans, sa han til BBC.online.
Finsbury Park
I februar i år vart Hamza fjerna frå stillinga si i moskeen Finsbury Park. Årsaka vart oppgitt til at han haddde misbrukt stillinga si til å forfekte kontroversielle politiske standpunkt.
Samstundes vart det gjennomført ein razzia mot moskeen, og det vart funne fleire ulovlege våpen.
Hamza al-Masri er 47 år gammal og fødd i Egypt. Han vart gifte seg til eit britisk statsborgarskap i 1981. På slutten av 1980-talet oppheldt han seg i Afghanistan. Der miste han den høgre handa, som no er erstatta med ein stålkrok. Han har også mist eit auge.