Hopp til innhold

To svenske journalistar tekne til fange i Syria

To svenske journalistar skal laurdag ha forsvunne ufrivillig i Syria. Ein av dei har tidlegare vunne internasjonal pris for sin biletserie frå Utøya.

Niclas Hammarström

Fotografen Niclas Hammarström er ein av to svenske journalistar som er sakna i Syria. Hammarström har tidlegare vunne pris for sine usensurerte bilete etter Utøya-massakren i 2011.

Foto: Leif R Jansson / TT / NTB scanpix

Journalist Magnus Falkehed og fotograf Niclas Hammarström er sakna i Syria, skriv den svenske avisa Expressen. Informasjonen er stadfesta av pårørande og svensk utanriksdepartement. Hammarström har tidlegare vunne internasjonal prestisjepris for sin usensurerte biletserie frå Utøya i 2011.

– Ambassaden i Damaskus prøver å få tak i meir informasjon i samarbeid med utanriksdepartementet, fortel pressetalskvinne i svensk UD, Ursula Åhlén til Expressen.se.

Det er ikkje kjent kven som står bak hendinga, eller korleis dei to svenskane vart tekne til fange. Om dei er arresterte eller tekne som gissel er også uklart.

– Me veit ikkje kven som har gjort det her, og det finst mange ulike grupperingar i Syria. Dei har ikkje blitt med frivillig, det er alt me veit, seier svensk UD til SVT.

SVT har også vore i kontakt med sambuaren til Hammarström, som stadfestar at han er meldt sakna, og seier at det aller verste er å ikkje vite kva som har skjedd.

Dei to journalistane er i midten av 40-åra, og skal ha vore på veg ut av landet då dei vart arresterte. Ifølge svenske styresmakter har ikkje dei motteke noko informasjon om at dei var i landet. Kva dei gjorde i Syria, og kven dei jobba for er heller ikkje kjent.

Det var pårørande av dei to journalistane som varsla svenske styresmakter om hendinga.

SISTE NYTT

Siste nytt