Hopp til innhold

Sverige innfører midlertidige grensekontroller

Grensekontrollane trer i kraft frå klokka 12 i morgon. Justisminister Anders Anundsen (Frp) kallar den svenske avgjerda svært positiv.

 Innanriksminister Anders Ygeman

Innanriksminister Anders Ygeman (S) kunngjer at det blir grensekontroll i Sverige.

Foto: SVT

– Migrasjonsverket er under ekstremt stort press. Det at flyktningstraumane er blanda, skapar store utfordringar. Vi har difor bestemt å gjeninnføre grensekontrollen ved indre grense, sa innanriksminister Anders Ygeman.

Han sa det er gjort tryggingsmessige vurderingar, og at tryggleiken og funksjonaliteten til samfunnet er trua.

– Regjeringa gjer difor ei samla vurdering av at den treng indre grensekontroll.

Stikkprøver

Kontrollane vil byrje i morgon klokka tolv (torsdag) og i første omgang gjelde i 10 dagar.

Ifølgje Schengen-regelverket kan eit medlemsland stenge grensa, til å byrje med i 10 dagar, om dei vurderer rikets tryggleik som trua. Etter det må EU-kommisjonen godkjenne vidare grensekontrollar.

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen (Frp) er positiv til det svenske vedtaket om grensekontroll.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I første omgang er det trafikken over Øresundbrua, og ferjetrafikken frå Danmark og Tyskland til Skåne, som vil bli kontrollert.

Ikkje alle vil bli kontrollert. Politiet vil basere seg på stikkprøver.

Anundsen positiv

– At Sverige innfører ei viss skjerping av grensekontroll, kan også ha positiv effekt på asyltilstrøyminga til Noreg. Dette fordi personar som kjem til Sverige då anten vil måtte søkje asyl i Sverige, eller bli stansa og snudd ved grensa. Det er då sannsynleg at færre får bruke Sverige som transittland til Noreg, seier justisminister Anders Anundsen til NRK.

Han seier at Noreg har merka ein positiv effekt av at det vart innført skjerpa grensekontroll, såkalla territorialkontroll, her i landet.

– Samstundes seier dette noko om dei store utfordringane Schengen-samarbeidet står over for. Manglande yttergrensekontroll fører til meir kontroll på dei indre grensene. Eg meiner at slik indre grensekontroll kan vere viktig også for å streke under det ansvar alle Schengen-land har for å registrere og stanse personar som ikkje har lovleg opphald i Schengen, seier justisministeren.

Pendlarar blir råka

Innanriksminister Anders Ygeman sa at dei som pendlar over Øresundbrua vil bli råka av kontrollane. Om lag 17.000 menneske pendlar mellom Danmark og Sverige der.

SVT rår pendlarane til å ta med seg identifikasjon.

Ferje-kontroll

Den svenske innanriksministeren ber reiarlag som driv ferjetrafikk til Sverige om å innføre identitetskontrollar av passasjerane. Dette skal skje så raskt som praktisk mogleg.

Men barn som reiser med foreldre som har identifikasjonspapir, skal få sleppe.

– Dei som ikkje søker asyl må snu

Mikael Hvinlund - Migrationsverket

Mikael Hvinlund frå Migrationsverket har tru på at grensekontrollane vil skape ro og orden.

Foto: SVT

Ifølgje SVT gjer grensekontrollen at dei som ikkje ynskjer å bli registrert som asylsøkarar i Sverige, vil bli nekta innreise.

– Om dei ikkje søker asyl, må dei snu, sa Mikael Hvinlund i Migrationsverket under pressekonferansen.

Meir oversikt

Hvinlund trur grensekontrollen vil gjere situasjonen meir oversiktleg. Det er for eksempel mange einslege asylsøkarar som forsvinn kvar dag.

– Grensekontroll kan gje oss moglegheit til å plukke opp desse, sa Hvinlund.

– Tek ansvar

Regjeringa står samla om avgjersla.

– Det var ingen alternativ. Sverige er det landet i Europa som har teke størst ansvar under flyktningkrisa. No er det på tide at andre land tek ansvar, sa Ygeman.

Men det er ikkje klart kva som skal skje med flyktningar som blir avvist ved grensa.

SISTE NYTT

Siste nytt