Hopp til innhold

Strauss-Kahn legg skulda på Sarkozy og venene hans

Eks IMF-sjef Dominique Strauss-Kahn legg skulda for fallet sitt frå maktas tindar på Nicolas Sarkozy og dei politiske støttespelarane hans.

Dominique Strauss-Kahn

Dominique Strauss-Kahn trudde ikkje at dei politiske motstandarane hans ville gå så langt for å hindre at han vart presidentkandidat.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

I eit intervju med den britiske avisa The Guardian seier Strauss-Kahn, som vart arrestert i i mai i fjor i New York og skulda for valdtekt mot ei kvinne som arbeidde på hotellet der han budde, at dei politiske motstandarane hans har lagt karrieren hans i grus.

– Kanskje var eg politisk naiv

– Det er mogleg eg var politisk naiv, men eg trudde rett og slett ikkje at dei ville gå så langt, seier han om dei politiske motstandarane sine.

Diallo

Nafissatou Diallo vil gå til sivilt søksmål mot Dominique Strauss-Kahn.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / Afp

Strauss-Kahn seier at Sarkozy og støttespelarane hans ville gjere alt i deira makt for å hindre at han vart sosialistane sin kandidat ved presidentvalet i år.

Og den tidlegare sjefen for Det internasjonale pengefondet (IMF) var storfavoritt til å bli utfordraren til Sarkozy, heilt til dei lagnadstunge hendingane i New York for snart eitt år sidan.

Strauss-Kahn trur ikkje at den hotelltilsette kvinna som melde han for valdtekt, Nafissatou Diallo, var ei lokkedue for å lure han i ei felle. Men han meiner at dei politiske motstandarane hans i Sarkozy sitt parti tok regien etterpå. og sørgde for at Diallo gjekk til politiet med skuldingane om valdtekt.

LES OGSÅ: - Strauss-Kahn avhørt som mistenkt

LES OGSÅ: Strauss-Kahn skal avhøres om sex-orgier tirsdag

– Frivillig seksuell kontakt

Den franske eks-politikaren seier at det var seksuell kontakt mellom han og Diallo, men at det heile var frivillig.

Stuepiken mot Strauss-Kahn

Skuldingane mot Strauss-Kahn var heitt stoff i media, også i seriøse tidsskrift som Newsweek.

Foto: Ap

63 år gamle Strauss-Kahn er sikker på at han ville ha vore det sosialistiske partiet sin presidentkandidat, om det ikkje hadde vore for det som skjedde på Sofitel Hotel i New York 14. mai i fjor.

– Eg hadde tenkt å lansere mitt kandidatur 15. juni, og eg var aldri i tvil om at eg hadde vunne nominasjonen, seier han i intervjuet.

I staden vart Francois Hollande sosialistpartiet sin kandidat, og i første valomgang vann han over Nicolas Sarkozy. Søndag 6. mai møtest dei to i den avgjerande omgangen av presidentvalet, med Hollande som favoritt.

LES OGSÅ: Gérard Depardieu får hovedrollen som Dominique Strauss-Kahn

LES OGSÅ: Strauss-Kahn planlegger søksmål

– Sjølvmotseiingar

Dominique Strauss-Kahn

Dominique Strauss-Kahn fekk heile tida full støtte frå kona Anne Sinclair.

Foto: DON EMMERT / Afp

Strauss-Kahn baserer skuldingane sine mot Sarkozy og hans støttespelarar på eigne undersøkingar av blant anna overvakingskamera på hotellet, og på opplysningar frå ein innleigd privatdetektiv.

Påtalemakta i New York la bort saka mot han i august i fjor fordi dei meinte at historia til Nafissatou Diallo var full av sjølvmotseiingar og usanningar.

Etter arrestasjonen sat Strauss-Kahn vart Strauss-Kahn fotografert med handjern på medan han vart ført bort av politifolk. Han sat først i eit vanleg fengsel, men vart seinare overflytta til husarrest.

Mogleg sivilt søksmål

Ein dommar i USA vil truleg avgjere i neste veke om Nafissatou Diallo skal få gå til sivilt søksmål mot Dominique Strauss-Kahn.

Intervjuet i Guardian er gjort at den amerikanske journalisten Edward Jay Epstein, som måndag skal lansere si nye e-bok om det som skjedde, «Three Days in May», eller «Tre dagar i mai» på norsk.

LES OGSÅ: Strauss-Kahn tilbake på fransk jord

LES OGSÅ: Strauss-Kahn innrømmer upassende oppførsel

LES OGSÅ: Dropper anklager mot Strauss-Kahn

SISTE NYTT

Siste nytt