Hopp til innhold

Strauss-Kahn går av som IMF-leiar

IMF-leiar Dominique Strauss-Kahn, som er skulda for seksuelle overgrep, trekkjer seg frå sjefstillinga i organisasjonen.

Dominique Strauss-Khan

Den overgrepssikta franskmannen har no gått av som pengefond-leiar.

Foto: POOL / Reuters

IMF melder dette på si eiga nettside, IMF.org.

– Eg tenkjer først og fremst på kona mi – som eg elskar meir enn noko anna – borna mine, familien min og venane mine. Dette skriv Strauss-Kahn i eit brev til IMF.

Strauss-Kahn har dei siste dagane vore varetektsfengsla etter å ha blitt sikta for å ha forsøkt å valdta ei kvinne på eit hotellrom i New York City.

Han held framleis fast på at han er uskuldig i sex-skuldingane.

– Eg vil verne om institusjonen som eg har gjort teneste for, og eg vil nytte heile tida mi, styrken min og energien min til å bevise at eg er uskuldig.

Var ønska av politikarar

I går gjekk fleire framståande politikarar ut og oppfordra Strauss-Kahn til å trekkje seg. Blant anna sa USA sin finansminister, Timothy Geithner, at Strauss-Kahn "openbart ikkje var i stand til å styre IMF."

Også anonyme kjelder i IMF har ønska at Strauss-Kahn går av.

Oppsigelsesbrev Strauss-Kahn

Oppseiingsbrevet til pengefond-sjef Dominique Strauss-Kahn vart publisert seint onsdag kveld, amerikansk tid.

Er i gang med å sjå etter arvtakar

IMF vil i løpet av kort tid kome med informasjon om arbeidet med å finne ei ny leiar for organisasjonen. Tradisjonelt har Verdsbanken og IMF veksla på å ha ein amerikansk og ein europeisk leiar.

Sentrale europeiske politikarar har gått ut med ønskjer om at den neste leiaren også skal vere europear.

I mellomtida er nestleiar i IMF, John Lipsky, fungerande sjef for organisasjonen.

Strauss-Kahn var tidlegare finansminister i Frankrike, og det var venta at han ville stille som presidentkandidat i Frankrike. Han var sett på som den kandidaten med størst sjanse til å overta etter Nicolas Sarkozy.

Spesiell overvaking

IMF-sjefen er fengsla på Rikers Island i New York, og han er sett under spesiell overvaking for å hindre eit mogleg sjølvmordsforsøk, blir det opplyst.

Strauss-Kahn skal møte for retten igjen fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt