Hopp til innhold

Største tal båtflyktningar sidan krigen i Vietnam

Ikkje sidan Vietnamkrigen har så mange flykta båtvegen i Søraust-Asia. I dag startar ein tre dagars konferanse i Oslo der ein skal diskutere rohingya-folket, der stadig fleire flyktar frå Myanmar.

Konferanse om Rohingya-folket i Myanmar i Oslo som arrangeres blant annet av Nobels Fredssenter.

FØLG MED PÅ KONFERANSEN: Kl. 9 startar ein tre dagars konferanse om rohingya-folket i Oslo.

– Vi er vitne til ei humanitær katastrofe som diverre er eit resultat av ein medviten politikk. Det er no viktig at ASEAN-landa gir akutt hjelp til flyktningane på havet, samstundes som burmesiske myndigheiter gir internasjonale hjelpeorganisasjonar tilgang til dei 140.000 personane som er internert i leirar, samt andre trengande. Det å redde liv er no første prioritet, seier Audun Aagre, dagleg leiar i Den norske Burmakomité.

Rohingya-folket har lenge levd i flyktningleirar i heimlandet Myanmar, som ikkje vil anerkjenne dei som statsborgarar. Konflikten blussa opp då 250 menneske vart brutalt drepne i Rakhine-staten i Myanmar i 2012. Myanmar har gjennom ei rekke lovforslag innskrenka rettane til rohingyaene, frå stemmerett til pålagt familieplanlegging. Dei siste månadane har så mange som 25.000 flykta sjøvegen ifølge FN.

Indonesisk protest mot behandlinga av rohingya-folket

PROTESTAR I INDONESIA: Ein mann protesterer utanfor Myanmar sin ambassade i Jakarta, Indonesia.

Foto: BAY ISMOYO / Afp

Den norske burmakomité m.fl. arrangerer ein stor internasjonal konferanse om rohingya-spørsmålet i Oslo 26.-28. mai. Representantar frå ronhingya-folket samt ulike religiøse leiarar vil delta. Konferansen vert støtta av Nobels fredsprisvinnarane Desmond Tutu og José Ramos-Horta.

FN sin spesialrapportør for menneskerettar i Burma, Yanghe Lee, vil delta via Skype, medan tidlegare rapportør Tomas Ojea Quintana vil delta på konferansen, saman med ei rekke framståande forskarar og menneskerettsforkjemparar.

SISTE NYTT

Siste nytt