Hopp til innhold

Stormkjellar-boom etter tornadoane

Innbyggjarane i USA går mann av huse for å skaffa seg stormkjellarar etter at USA er råka av den dødelegaste tornadosesongen på 60 år.

Tornado i Alabama

Familien Harrison overlevde den dødelege tornadoen som nyleg passerte Alabama. Stormkjellaren dei søkte tilflukt i var den einaste delen av huset som ikkje var slegen til pinneved.

Foto: Gary Cosby Jr / Ap

Grunnmuren i ei diger steinrøys og huskledninga slegen til pinneved. Det var synet som møtte Gloria Jones i det ho klatra ut av eit underjordisk tilfluktsrom etter dei dødelege tornadoane som råka Oklahoma tysdag.

Då ho fekk greie på at skypumpa var på veg mot heimbyen hennar, søkte Jones tilflukt i stormkjellaren til ein slektning saman med sju naboar og to hundar.

– Det redda liva våre. Eg vil ikkje gå gjennom ein ny tornadosesong utan ein stormkjellar i huset mitt, seier Jones til New York Times.

( Saka held fram under videoen )

Video Framleis tornado-herjingar i USA

Sjå dei store øydeleggingane etter skypumpene i USA.

Rekordsal

Ho er ikkje åleine om å ville investera i eit slikt tilfluktsrom. USA opplever no ein tornadosesong som kan bli den dødelegaste i landets historie.

Så langt i år har over 400 menneske omkomme, og USA er ikkje eingong halvvegs i årets tornadosesong.

Det har ført til rekordsal for selskap som sel undergrunnskompleks spesiallaga for å tola katastrofe-uvêr og mektige vindkast, skriv New York Times.

Frå Minnesota i nord til Texas i sør, og særleg i den tornadoherja midtvesten og i sørstatane, etterspør innbyggjarane fagfolk som kan installera vernerom i husa sine.

– Alle vil ha stormkjellarar, og dei ville helst hatt dei i går, seier Alisa Smith som er regional salsdirektør i selskapet «Family Safe Shelter».

– Katastrofal sesong

Selskapet er eitt av om lag hundre som sel stormkjellarar i USA. Family Safe Shelter installerer åleine meir enn 40 stormkjellarar kvar dag rundt om i landet.

Dei tilsette jobbar no for full maskin for å ta hand om alle førespurnadene som kjem haglande inn.

– Sesongen har vore så katastrofal at folk tek seg sjølve i nakken og seier «eg har tenkt på det og utsett det i to år. No må eg verkeleg skaffa meg eit tilfluktsrom», fortel Smith.

( Saka held fram under biletet )

Severe Weather

Kraftige stormskyer passerte onsdag Mississippi-elva i Memphis, Tennessee.

Foto: Lance Murphey / Ap

Ein av hundre har stormkjellar

Trass i at USA har flest tornadoar i heile verda med i gjennomsnitt 1000 slike skypumper i året, er innbyggjarane i det store og heile etterlatne til seg sjølve når tornadoane herjar.

Ifølgje New York Times er det stort sett opp til den einskilde om ein ønskjer tilfluktsrom i husa sine. Resultatet er at berre ein av hundre amerikanske heimar har stormkjellarar som beskyttar mot tornadoar og kraftig uvêr.

– Færre enn 3 prosent av heimane i USA har stormkjellarar, fortel direktør Ernst Kiesling ved National Storm Shelter Center, som jobbar for å auka dette talet.

Den offentlege reguleringa varierer frå delstat til delstat. I nokre tilfelle vert til dømes bustadblokker og husvognparkar pålagde å ha tilfluktsrom tilgjengeleg. Mange stader er det kyrkjer og skular som har ein slik funksjon.

(Saka held fram under biletet)

Tornadoar i Missouri

Sheriffen i Pettis County i Missouri inspiserer skadane etter ei rekkje tornadoar.

Foto: Sydney Brink / Ap

Boltar og stål

Prisen på ein stormkjellar varierer frå 3000 dollar for ein ordinær sementbunker til titusenar av dollar for avanserte avlukk i stål.

Eit dugeleg vernerom må ha minst tre solide låsar i døra, og kunne tola at bygningsruinar kjem flagrande i over 160 kilometer i timen.

Bestseljar-modellen er ein stålkonstruksjon til 4100 dollar som vert bolta fast i golvet i garasjen.

Etter orkanen Katrina i 2005 har det amerikanske sivilforsvarsorganet (FEMA) sett i gang finansieringsprogram for å hjelpa delstatsstyresmaktene med å få på plass fleire stormkjellarar.

SISTE NYTT

Siste nytt