Hopp til innhold

Storebror Miliband trekker seg frå toppolitikken

Tidlegare utanriksminister David Miliband gir seg i toppolitikken i Storbritannia.

Ed og David Miliband

David Miliband (til høgre) vart slått av veslebror Ed. No gir han seg i toppolitikken.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

David Miliband poserer saman med kona

David Miliband poserte i dag saman med kona Louis Shackleton utanfor heimen deira.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters
Miliband-brødrene

Veslebroren Ed (til venstre) vann med knapp margin. No trekk storebror David seg frå toppolitikken.

Foto: Tim Hales / Ap

45 år gamle David Miliband tapte kampen om leiarvervet i Labour.

Det var veslebror Ed (40) som slo han med ein margin på litt over 1 prosentpoeng.

No trekker storebror seg frå toppolitikken.

Til bakre rekkjer

David vil ikkje lenger sitte i skuggeregjeringa til Labour, og vil no heller konsentrere seg om rolla si i parlamentet.

– Eg vil sikre meg at eg kan støtte han på best mogleg måte. Eg trur eg gjer det best frå dei bakre rekkjer, seier han til BBC.

Allereie etter valet i helga uttrykte han at han var usikker på si framtidige rolle i partiet, og sa då at han ville diskutere framtida si med kollegaer.

Til BBC seier han i dag at han aldri var i tvil om at han ville trekkje seg, men at han likevel ville ta tre-fire dagar til å diskutere saka saman med familien.

– Ikkje overraskande

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold følgjer godt med på britisk politikk, han er ikkje overraska.

– Nei, dette har vore venta dei siste to dagane. Eg trur nok David Miliband helst hadde ønskt å vente med dette, men han var tvungen til å varsle fordi ei ny skuggeregjering no skal veljast.

– Dette viser jo kor bitter denne striden var mellom brørne. Men det er godt for Labour at striden blir i familien, seier han til NRK.

I går heldt Ed sin første tale som ny leiar av partiet. London-korrespondent Gry Blekastad Almås var ikkje imponert:

Ber pariet støtte broren

Storebror Miliband ber Labour samle seg om Ed som den nye leiaren av partiet, og seier at han ikkje kjem til vere med i noko offentleg diskusjon med broren.

– Om eg har noko å seie til Ed, vil eg seie det til han privat, seier David.

Han seier samtidig at han ikkje avviser at han kan kome til å gjere comeback ved eit seinare høve.

Ed sa allereie før han visste kva David ville bestemme seg for, at: «Eg veit at han vil gi store bidrag til politikken også i framtida og at han vil ha ulike måtar å gjere det på, uansett om han er i eller utanfor skuggeregjeringa.»

SISTE NYTT

Siste nytt