Hopp til innhold

Storbeslag av kokain og våpen i mafia-aksjon

Italiensk politi meiner 'Ndrangheta-mafiaen har hovudstaden Roma som sitt hovudsatsingsområde. I dag vart 31 personar arresterte i ein aksjon der det også vart teke beslag i 600 kilo kokain og hasj og store mengder våpen.

Kort klipp fra italiensk politio.

VIDEO: Politiets eigne bilete frå aksjonen.

I dag er den Calabria-baserte mafiagrupperinga 'Ndrangheta rekna som den rikaste og mektigaste i Italia, ikkje minst fordi dei kontrollerer det meste av smuglinga av kokain frå Colombia til Europa. Organisasjonen har forgreiningar i dei fleste europeiske land, og kontakten i Colombia går via eitt av dei mest brutale narkokartella der, ifølgje politiet.

– Eit kriminelt prosjekt

Antimafia-aktoren Michele Prestipino sa på ein pressekonferanse i Roma i dag at den italienske hovudstaden no er ein integrert del av 'Ndranghetas kriminelle prosjekt. Han siterte leiande medlemer i gruppa på at Roma er framtida for dei.

I tillegg til dei 600 kiloa med narkotika politiet tok beslag i i dag, så seier politiet at dei har bevis for at gruppa har omsett 1500 kilo kokain og hasj

Av dei 31 som vart arresterte i dag, vart fire gripne i Spania, resten i Roma og andre delar av Italia. Roma har tidlegare vore kjent som eit område der dei tradisjonelle mafiagruppene i Italia aldri har fått skikkeleg fotfeste, men dette ser ut til å ha endra seg.

Dette er ‘Ndrangheta-mafiaen

Slik skal de knuse ‘Ndrangheta-mafiaen

Drapsskvadron

Nyheitsbyrået Reuters melder at 'Ndrangheta for to år sidan gjekk til omfattande tiltak for å sikre seg kontrollen over narkotikamarknaden i Roma. Dei etablerte blant anna ein drapsskvadron der målet var å ta livet av sjefen for ein rivaliserande narkotikabande, men dette drapet vart stansa av politiet.

Ein av medlemene i drapsskvadronen gjekk med å vitne mot oppdragsgivarane sine, og opplysningane han har gitt har vore svært viktige for arrestasjonane som vart gjorde i dag, sa Michele Prestipino på pressekonferansen i dag.

Det har vore vanskeleg for politiet å skaffe seg informantar i 'Ndrangheta, fordi organisasjonen er kjend for svært brutale avstraffingar mot avhopparar og familiane deira.

– Mafia-seremoni inspirert av frimurarordenen

Paven stengjer kyrkjedøra for mafiaen

Mafiaorganisasjonen'Ndrangheta blir stadig mektigare, trass i arrestasjonar.

Frå ein aksjon mot 'Ndrangheta i 2011. Trass i mange arrestasjonar dei siste åra, har organisasjonen vorte stadig mektigare.

Foto: ADRIANA SAPONE / AP

Narkotika-monopol

Politisjef Cosimo Di Gesu meiner at *Ndrangheta-grupperinga dei no har slått til mot, hadde som mål å monopolisere narkotikamarknaden i Roma.

Michele Prestipino sa på pressekonferansen i Roma at dei ikkje har greidd å finne ein direkte link mellom denne mafiagrupperinga og den såkalla Mafia Capitale (Hovudstadsmafiaen), som blir leidd av ein tidlegare høgreekstremist.

Denne grupperinga blir skulda for å ha skaffa seg eit sugerøyr inn i den romerske bykassa ved hjelp av omfattande korrupsjon .

Sjokk og sinne etter mafia-avsløringar

Politiet filma hemmeleg mafia-seremoni

– Mafia-seremoni inspirert av frimurarordenen

SISTE NYTT

Siste nytt