Hopp til innhold

Stinkande søppel i gatene igjen

Ingen greier å rydde opp i søppelkrisa i den søritalienske storbyen Napoli. Igjen er gatene fylde av stinkande avfall, og innbyggjarane veit ikkje si arme råd.

Borgarmeisteren i Napoli, Luigi De Magistris.

Heller ikkje den nyvalde borgarmeisteren, Luigi De Magistris, greier å rydde opp i søppelkrisa i Napoli.

Foto: CARLO HERMANN / Afp

Sist månad var det val på borgarmeister i Napoli, og vinnaren, venstrekandiaten Luigi De Magistris, gjekk til val på ein lovnad om å rydde opp i søppelproblema i løpet av dei fem første dagane etter innsetjinga.

No har dei første fem dagane gått, og fleire til, men De Magistris har som venta ikkje greidd å rydde opp. No skuldar han på både Berlusconi og mafiaen, og det er heller ikkje noko nytt. Det er allment kjent at den napolitanske mafiaen, Camorra, er tungt inne i søppelhandteringa i området.

LES OGSÅ: – Bør ikke frykte mafia-søppel

LES OGSÅ: Det symboltunge mafia-kysset

Narkotika og utpressing

Camorraen er inne i alt det er mogleg å tene pengar på, og i tillegg til narkotikahandel og utpressing er søppel ei svært viktig inntektskjelde for den frykta organisasjonen.

Dei tek mot ulovleg giftig avfall og dumpar det på fyllingar, også nær buområde. Det er meir pengar å tene på giftig avfall enn på vanleg søppel, og dermed blir fyllingane fylde med ulovleg avfall og ikkje hushaldningssøppel.

Søppelbrann i Napoli

Innbyggjarane set på ny fyr på søppelet i gatene i Napoli.

Foto: STRINGER AFGHANISTAN ADMIN / Reuters

I fjor droppa Oslo kommune ein avtale om å ta mot søppel frå Napoli , av frykt for Camorraen kunne vere involvert.

Den nyvalde borgarmeisteren har no gitt ordre om at søppelbilane skal ha væpna vakter, og han har gjort det klart at søppelkrisa utgjer ei alvorleg helsefare for innbyggjarane i byen. Røyken frå dei mange brannane er paradoksalt nok meir helsefarleg enn stanken.

Magistris rettar også sterk kritikk mot regjeringa til Silvio Berlusconi, som han meiner ikkje gjer nok for å hjelpe Napoli.

LES OGSÅ: Napoli sender søpla til Norge

LES OGSÅ: Mafiaen reddet Sinatras karriere

Video Søppelet flyter i Napoli

VIDEO: Søppelet flyter i Napoli igjen.

- Berlusconi som Pontius Pilatus

- Berlusconi har vist at han ikkje bryr seg om Napoli. Han toar hendene sine på same måten som Pontius Pilatus, sa ein rasande Luigi De Magistris til det franske nyheitsbyrået AFP tidlegare i dag

Hushaldningssøppelet blir igjen liggjande i gatene i den svært tettbygde storbyen. Og med sommartemperaturar på over 30 grader kan ein tenkje seg stanken som innbyggjarane i den hardt prøvde byen opplever no.

Silvio Berlusconi

Heller ikkje Silvio Berlusconi greier å gjere noko med søppelkrisa i Napoli.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

Verst er det i gatene som leier inn til det som blir kalla den spanske bydelen. For å bli kvitt stanken set fortvilte napolitanarar fyr på søppelet, med det resultatet at stanken blir erstatta av helsefarleg røyk. I natt fekk brannvesenet melding om 30 ulike søppelbrannar i byen.

Andre tømmer kalk over søppelet i håp om at det skal få vekk stanken.

I dag tidleg gjekk fleire hundre innbyggjarar i tog gjennom dei hardast ramma gatene. viftande med italienske flagg medan dei song den italienske nasjonalsongen, i ein fortvilt protest mot styresmaktene.

LES OGSÅ: Ny søppelkrise i Napoli

Sette inn hæren

Sist det var søppelkrise i Napoli var i november i fjor. Då engasjerte sjølvaste statsminister Silvio Berlusconi seg personleg i krisa, og han gav ordre om å setje inn hæren for å rydde opp .

Så vart det betre for ein periode, men problema med søppelhandteringa i Napoli er like uløyste som då. I heile vinter har det lege søppel i gatene fleire stader i byen, før det no er fulll krise igjen.

Det italienske nyheitsbyrået ANSA melder at det truleg ligg 1500 tonn søppel i gatene i Napoli.

Ein restauranteigar hengde dette skiltet på døra til restauranten:

«Eg skammar meg over å halde ope i dette kaoset»

SISTE NYTT

Siste nytt