Hopp til innhold

Stengjer togstasjonen for flyktningar

Styresmaktene i Ungarn stengde tysdag den internasjonale togstasjonen i hovudstaden for flyktningar og migrantar for å hindra dei i å reisa vidare inn i EU.

Migranter utenstengt fra en togstasjon i Budapest

Fleire hundre politifolk står vakt ved den internasjonale togstasjonen i Budapest etter massiv pågang av flyktningar som vil vidare inn i Europa.

Foto: Pablo Gorondi / Ap

Stasjonen er stengd for både utgåande og innkomande togtrafikk. Alle passasjerar, inkludert fleire hundre migrantar som skulle ta tog vidare inn i Europa, fekk først klar beskjed om å fjerna seg frå området.

Etter å ha vore stengd i over ein time skal terminalen no ha blitt opna att, men migrantar og flyktningar får framleis ikkje sleppa inn.

– Må ha pass og visum

«Ingen går inn eller ut frå Keleti stasjon på ubestemt tid. Ver venleg og forlat lokalet», runga det i høgtalaranlegget tysdag føremiddag.

Kunngjeringa kom etter at om lag 500 flyktningar og migrantar, både menn, kvinner og born, forsøkte å gå om bord i det siste toget til Wien, opplyser ein journalist frå nyheitsbyrået AFP som er på staden.

Talsmann for styresmaktene i Ungarn, Zoltan Kovacs, seier til Reuters at togstansen er eit forsøk på å handheva EU-lovverket. Alle som reiser i Europa må ha eit gyldig pass og eit Schengen-visum, påpeikar talsmannen.

Fleire hundre politifolk er på staden for sjå til at alle passasjerane følgjer ordre, ifølgje AFP. Om lag 1000 menneske har no samla seg utanfor dei stengde dørene, medan dei plystrar, klappar i hendene og ropar «Tyskland, Tyskland». Så langt har det ikkje kome meldingar om samanstøytar.

Evakuering av togstasjon i Budapest, Ungarn

Migrantane protesterte då fleire hundre politifolk jobba med å evakuera den internasjonale togstasjonen i Budapest tysdag føremiddag.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Vil til Austerrike og Tyskland

Berre i august tok 50.000 menneske, hovudsakleg frå konfliktområde som Syria, Irak og Afghanistan, seg over ungarske grenser. Ungarn er nemleg innfallsporten til EU og for mange ein viktig mellomstasjon på vegen mot det endelege målet – Tyskland eller Austerrike.

Måndag kveld kom fire tog fulle av flyktningar og migrantar til den austerriske hovudstaden Wien frå Budapest. Totalt var det 3650 migrantar om bord på toga, som fekk lov til å køyra inn i landet etter først å ha blitt stoppa på grensa.

Tyskland er for mange eit ynda mål fordi landet har valt å sjå vekk frå Dublinavtalen. Avtalen slår fast at eit land kan senda tilbake asylsøkjarar til det landet der dei først søkte asyl.

Mange flyktinger prøver å ta seg over grensa til Ungarn i ly av nattemørket.

Smutthullene er mange i det 175 kilometer lange piggtråd-gjerdet som skulle hindre flyktninger fra å ta seg inn i Ungarn fra serbisk side. Det har nordmannen Ove Johansen fått oppleve på nært hold. NRK møtte Johansen ved grensen der Europas flyktningdrama utspiller seg.

SISTE NYTT

Siste nytt