Amerikanske og sørkoreanske styresmakter veit ikkje korleis dei skal tolke satellittbileta som nettstaden
har offentleggjort. Bileta viser at det ikkje er gjort noko på anlegget på lenge. Det veks gras opp gjennom betongen fleire stader og vegar inn til området er uferdige. Anlegget verkar heilt aude.Dei nye satellittbileta av det nordkoreanske rakettutskytingsanlegget Tonghae i den nordaustlege delen av landet er tekne 26. mai i år av dei kommersielle selskapa DigitalGlobe og Astrium.
Uviss årsak
Nord-Korea-ekspertane ved John Hopkins School of Advanced International Studies, som står bak nettstaden 38 North, er i villreie om bakgrunnen for at arbeidet ved anlegget vart stansa.
Den mest optimistiske teorien er at Nord-Korea har gått bort frå planane om å byggje langtrekkjande rakettar som kan nå blant anna USA, eller i det minste at planane er stansa inntil vidare.
Dersom dette er rett er det snakk om ei politisk heilomvending frå nordkoreanske styresmakter. Det kan bety at landet ynskjer å kome i dialog med omverda for å få slutt på dei omfattande sanksjonane mot landet.
Nord-Korea har også opna for å starte opp igjen samarbeidet med Sør-Korea om industrisona Kaesong på grensa mellom dei to landa. Dei to koreanske statane har førebels ikkje greidd å bli samde om vilkåra for gjenopninga.
Hovudproblemet er å bli samde om kven som har skulda for at det felles industrianlegget vart stengt, melder nyheitsbyrået AFP.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Store konsekvensar
Joel Wit er tidlegare tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet og no redaktør for
.– Om det viser seg at Pyongyang no droppar arbeidet på dette anlegget, så kan det ha store konsekvensar for programmet for å byggje langtrekkjande rakettar som kan utstyrast med atomstridshovud, som starta i 2011, seier han til nyheitsbyrået AP.
Det var den ferske leiaren i Nord-Korea, Km Jong-un, som sjølv lanserte det nye rakettprogrammet i 2011. Amerikansk etterretning torer likevel ikkje å slå fast at det isolerte diktaturet på den nordlege delen av den koreanske halvøya har stansa rakettprogrammet sitt.
USA er livredd for at landet skal greie å utvikle rakettar som kan nå USA, i verste fall rakettar som kan frakte atomsprengladningar. Kim Jong-un har fleire gonger trua USA med «øydeleggjande angrep».
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Sohae-anlegget
Ingen veit likevel sikkert kva årsaka til arbeidsstansen er. Ein teori er at dei militære mannskapa som arbeidde på rakettanlegget og utstyret dei brukte, vart flytta for å delta i gjenoppbygginga etter eit kraftig uver i landet i fjor. Men det forklarar ikkje kvifor arbeidet ikkje er teke opp att.
Dei amerikanske ekspertane ved John Hopkins-instituttet meiner det kan skuldast at nordkoreanske styresmakter har funne ut at det nye rakettanlegget Sohae på nordvestkysten likevel kan greie å utvikle dei nye langtrekkjande rakettane Kim Jong-un har bede om.
Spørsmålet er likevel: Kvifor starta Nord-Korea opp arbeidet på eit nytt gigantisk rakettanlegg, når dei likevel kan utvikle dei nye rakettane på eit anna anlegg?
Dei omstridde rakettoppskytingane i april og desember 2012 vart gjorde nettopp frå Sohae-anlegget på nordvestkysten.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Eitt år tilbake
Dei fleste ekspertar reknar med at Nord-Korea har greidd å utvikle atomvåpen, men at landet enno ikkje har greidd å utvikle rakettar som kan bere atomstridshovud.
Dei amerikanske ekspertane trur at stansen i arbeidet på det nye Tonghae-anlegget har sett Nord-Korea minst eitt år tilbake i arbeidet med å utvikle langtrekkjande rakettar som kan nå USA.
Trusselen frå Nord-Korea har fått USA til blant anna å vedta utplassering av våpen som kan skyte ned innkomande rakettar i Alaska, eit såkalla rakettskjold.