Hopp til innhold

Stadig fleire brasilianarar punger ut for skotsikre bilar

I Brasil låser du bildøra når du køyrer. Frykta for å bli rana og skoten medan ein sit i bilen får stadig fleire brasilianarar til å punge ut for å gjere bilen sin skotsikker.

Skotskader på ein brasiliansk bil

Ein bil har blitt utsett for eit ran, og panseret er full av kulehol. Det er til saman meir enn 120 hol i bilen. Korleis det gjekk med folka inni er ikkje kjent.

Foto: CCTV

– Me sel bilane til vanlege folk, slik som mødrer som køyrer sine born til skulen, som dei som køyrer til supermarknaden eller dei som køyrer i gata. Det er ikkje lengre berre store bedrifter, tilsette i staten og ambassadar som kjøper bilar som dette, seier Luis Gustavo til den kinesiske TV-kanalen CCTV.

Brasiliansk bilprodusentar gjer bilane skotsikre

Det er ein omfattande prosess å gjere bilen skotsikker. Operasjonen doblar som oftast bilens pris.

Foto: CCTV

Han eig ein av bilverkstadane der dei utstyrer bilar med skotsikkert material. Tryggleiken i Brasil har fått fleire til å ta skrittet og investere i meir skotsikre bilar.

– Aggressive kriminelle

Kriminelle kan gå rundt i gatene med tunge våpen som dei nyttar til angrep.

– Dei er veldig aggressive. Våpena deira er veldig kraftige, fortel Miguel Martince som jobbar for den same bilverkstaden som Gustavo.

Fjorårets fotball-VM og det kommande OL i Rio de Janeiro til neste år har ført til at brasilianske styresmakter har utstyrt politiet med meir våpen, slik at ein skal prøve å motverke den negative utviklinga i kriminalitet. Men så langt har det ikkje fungert.

Skotsikre glas

Skotsikre glad vert sett inn for å gjere bilen tryggare i tilfelle kriminelle går til angrep mot køyretøyet.

Foto: CCTV

Doblar bilens pris

Det er så mange som ønskjer seg tryggare køyretøy at Brasil har blitt det landet i verda som har flest skotsikre bilar på vegane.

Og auka i bilsalet har gått opp frå 30 prosent salsauke i fjor til 40 prosent auke i år. Flest skotsikre bilar vert selt i São Paulo, følgt av OL-byen Rio de Janeiro.

Det å gjere ein bil skotsikker er på inga måte enkelt og billig. Først vert heile bilens karosseri fjerna, før ein kler den på ny med skotsikkert materiale. Vindauga må sjølvsagt også bytast ut. Å gjere bilen skotsikker kan ofte doble bilens pris.

SISTE NYTT

Siste nytt