Hopp til innhold

Splittelse i EU om frihandelsavtale

Denne veka skulle EU-parlamentet omsider ta stilling til frihandelsavtalen som har vore på forhandlingsbordet mellom USA og EU. Men det enda med utsetting, og krangling om kven som har skulda.

FRANCE-EU-PARLIAMENT-TTIP

TYDELEG SIGNAL: Det er ikkje vanskeleg å sjå kva desse representantane i EU-parlamentet meiner om TTIP.

Foto: FREDERICK FLORIN / Afp

Utsettinga viser kor kontroversiell den såkalla TTIP-avtalen (transatlantisk handels- og investeringspartnerskap) har vorte for Europa, skriv Politico, som kallar det heile for eit «blame game».

Avtalen kan verte verdas største handelsavtale om den vert vedteken. Målet er felles standardar og å fjerne tollbarrierer, for å lette handelen mellom dei to kontinenta. Det er handelskommissæren i EU, svenske Cecilia Malmström, som leiar forhandlingane på vegne av EU.

Forhandlingane treng eigentleg ikkje parlamentet si godkjenning, men dei vil få ein vetorett på den endelege teksten, og deira støtte er difor viktig.

Fråsegna om avtalen frå EU-parlamentet hadde vore gjenstand for så mange endringar at ein stor del signaliserte at dei ville stemme mot om den kom opp til votering. Samstundes klandrar motstandarar som det britiske UKIP og dei grøne partia forkjemparane av avtalen for å vere redde for motstanden.

Det har lenge vorte forhandla innanfor blokkene, ikkje minst i den sosialdemokratiske partigruppa. Eit av dei kritiske punkta er den såkalla investor-stat-tvisteløysingsmekanismen (ISDS) som flyttar konfliktar mellom statar og bedrifter ut av rettsapparatet. USA praktiserer denne allereie. Denne opnar også for at bedrifter kan saksøke andre statar enn sin eigen.

Andre er uroa for deregulering av standardar som kan påverke miljø og helse. Motstanden har vore stor, sist ved G7-møtet forrige helg.

På G7-møtet tidlegare denne veka oppfordra den tyske forbundskanslaren Angela Merkel og USA-president Barack Obama til å konkludere forhandlingane, som har halde på i to år.

Neste sjanse for å stemme gjennom ei fråsegn om avtalen for EU-parlamentet sin del kjem sannsynlegvis i september, ifølge Politico. Når den endelege avtalen vert klar, er det få som veit.

SISTE NYTT

Siste nytt