Hopp til innhold

– Barn brent til døde av israelske busettarar

Israelsk politi mistenker jødiske ekstremistar for å ha sett fyr på eit hus på Vestbreidda. Eit 18 månader gamalt barn mista livet i brannen. Israelske styresmakter fordømmar handlinga og kallar det for terrorisme.

PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT-FIRE

Israelske tryggingsstyrker er på staden der eit hus vart sett fyr på, og eit barn døde i brannen. Jødiske ekstremistar er mistenkte for å stå bak.

Foto: JAAFAR ASHTIYEH / Afp

Jødiske ekstremistar er mistenkte for å stå bak. På åstaden skal det ha vore skrive graffiti på hebraisk. Ei davidstjerne og teksten «hemn» er blant det som skal ha blitt tagga.

ISRAEL-PALESTINIANS/ A pair of slippers are seen outside a house that had been torched in a suspected attack by Jewish extremists, killing an 18-month-old Palestinian child, injuring a four-year-old brother and both their parents at Kafr Duma village near Nablus

Det er tydelege teikn på at det fann stad ugjerningar ved huset i går kveld.

Foto: ABED OMAR QUSINI / Reuters

Fire personar er sende til sjukehus

Hendinga fann stad i landsbyen Kfar Duma, nær Nablus, nord på Vestbreidda.

Ifølgje ein representant for dei palestinske styresmaktene på den nordlege Vestbreidda, så skal fleire busettarar ha kasta brannbomber inn i huset kor barnet og familien bur. Dei skal ha ropt «lenge leve Messias», før dei sprang frå staden, skriv Haaretz.

Barnets foreldre, dens fire år gamle bror og ei kvinne som var på besøk kom frå hendinga i live, men er sende til sjukehus.

Hendinga vert stadfesta av israelske tryggingsstyrkar, og området vert sjekka nøye for å finne dei som står bak ugjerninga.

Palestinsk hus satt i brann på Vestbredden. 18 måneder gammelt barn døde

Ein soldat held vakt utanfor huset der eit barn skal ha døydd etter at jødiske ekstremistar kasta inn brannbomber i huset.

Foto: ABED OMAR QUSINI / Reuters

Israel fordømmer handlinga

Augevitne fortel at faren ikkje klarte å redde barnet frå brannen på grunn av manglande elektrisitet og lys. Han klarte derimot å redde fireåringen og kona.

Fleire vitne fortel om hendinga, og seier at det var busettarar som først knuste vindauge, deretter kasta brannbomber og til slutt sprang frå staden i retning ei busetning i nærleiken.

Eit anna hus skal også ha blitt angripe. Motivet for ugjerninga er ikkje kjent.

– Brannen og drapet på det palestinske barnet er ei terrorhandling, seier Israels forsvarsminister i eit utsegn.

Han legg til at Israel ikkje tillèt terroristar å utføre slike angrep i Israel.

Ein talsmann for den israelske hæren, Peter Lerner, skriv på sin Twitter-profil at angrepet er ei barbarisk terrorhandling, og opplyser om at dei skadde er frakta til sjukehus i Israel.

Laster Twitter-innhold

Også ein talsmann for israelsk politi fordømmer ifølgje BBC handlinga, og seier at angrepet er utført av personar med nasjonalistiske motiv.

ISRAEL-PALESTINIANS/ Palestinian boy inspects a house that was badly damaged from a suspected attack by Jewish extremists on two houses at Kafr Duma village near Nablus

Ein gutt går gjennom det nedbrente huset.

Foto: ABED OMAR QUSINI / Reuters

Den palestinske frigjeringsrørsla PLO seier derimot at dei held israelske styresmakter ansvarlege for drapet.

– Dette er ein direkte konsekvens av tiår med straffefridom for busettarterrorisme som er gitt av den israelske regjeringa, skriv PLO i eit utsegn som nyheitsbyrået AFP siterer.

Betent bustadpolitikk

Bustadpolitikken på Vestbreidda er eit stadig tilbakevendande konflikttema. Israel har oppretta fleire busetnader i området, og mange av busetnadane vert sett på som okkupasjon av palestinsk territorium.

Seinast denne veka vedtok regjeringa i Israel å opprette 300 nye bustader på det okkuperte Vestbreidda. Det vert også planlagt å bygge 504 bustader i tillegg, opplyser statsminister Benjamin Netanyahu sitt kontor i ei pressemelding.

Dette er nyheiter som vert kritisert av både FN og Noreg.

– Slike handlingar kan ikkje sameinast med Israels erklærte støtte til tostatsløysinga og sår nok ei gong tvil om Netanyahu-regjeringa forpliktar seg til fredsprosessen, seier utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding om dei nye bustadane.

Duma