Hopp til innhold

Spansk fagforeining hardt ut mot Norwegian og Adecco

Den spanske fagforeininga USO hevdar at Norwegian brukar vikarar ulovleg og har varsla Arbeidstilsynet. Flyselskapet avviser påstandane.

Bjørn Kjos har en tenkepause under et foredrag på NHH Forum

Bjørn Kjos er på offensiven for å utvida Norwegian sine marknader. Nå får selskapet spansk kritikk.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Den spanske fagforeininga USO har rapportert inn Norwegian og Adecco til Arbeidstilsynet i Spania for det dei meiner er ulovlege kontraktar for mellombels tilsetting av kabinpersonale, skriv nyheitsbyrået Europa Press.

– Uunnverlege

I ei kunngjering hevdar fagforeininga at Norwegian sidan 2012 har inngått 375 mellombels kontraktar med spanjolar som utfører arbeidsoppgåver som er uunverlege for Norwegian si kjerneverksemd.

Dei meiner selskapet systematisk brukar formuleringa «opphoping av oppgåver» for å rettferdiggjera bruk av mellombels arbeidskraft som det i realiteten er permanent trong for.

– I seks kontraktar har dei (Norwegian, journ.merk. ) gjort ei einaste modifisering, ein klausul som forsvarar at kontrakten er mellombels, og det berre for å dekkja over svindelen, heiter det i fagforeininga si kunngjering.

USO vonar at varslinga vil gjera slutt på all lovstridig vikarbruk i Norwegian.

– Følgjer spansk lov

– Me følgjer spansk lov, me følgjer alle lokale lovar og reglar i alle marknader der me etablerer oss, også i Spania, seier informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen til NRK.

Lasse Sandaker-Nielsen

Informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen seier at flyselskapet ikkje bryt spansk lov.

Foto: Norwegian

Han forklarar at Norwegian er ein ny aktør i Spania og difor brukar mellombelse tilsettingar av pilotar og kabinpersonale i ein periode, for å avklara om dei nye crewbasane er levedyktige.

– I ein oppstartsfase har me byrja med mellombelse tilsettingar for å vera trygge på at basen er lønsam før me tilset fast, seier Sandaker-Nielsen.

Tre spanske baser

Norwegian har hatt ein crewbase i Malaga i to år, medan basane i Barcelona og Madrid vart opna for få månader sidan.

– Basen me oppretta i Finland i 2011 viste seg å vera berekraftig og då gjekk me for faste tilsettingar på forsommaren i år. Det er også planen i Spania å ha faste tilsettingar dersom basane viser seg å vera lønsame innan to eller tre år, seier Sandaker-Nielsen.

Informasjonssjefen opplyser at selskapet alltid nyttar lokal kunnskap når det går inn i nye marknader. I Spania er samarbeidspartnaren Adecco.

– Det er nettopp for å sikra at lokale lovar og regler blir følgde etter punkt og prikke, seier Sandaker-Nielsen.

– Vanleg praksis

I ein epost til NRK skriv Adecco i Spania at kontraktane med kabinpersonalet kan rettferdiggjerast på grunnlag av mellombels behov i turistsesongen, og fordi det gjeld nyoppretta ruter og basar.

– Mellombelse tilsettingar er vanleg praksis i Spania og i Europa, der mange flyselskap brukar lokale byrå til tilsettingar, skriv pressesjef Luis Perdiguero i Adecco i Madrid, til NRK.

Også Adecco viser til at Norwegian har som mål å inngå faste tilsettingar når behovet for slik arbeidskraft er avklart.

SISTE NYTT

Siste nytt