Hopp til innhold

Sør-Sudans president held på makta til 2018

Sør-Sudans president Salva Kiir trassar råda han har fått frå fredsforhandlarane, og vert no sittande i tre nye år. – Han er ein diktator, seier opposisjonen.

South Sudan Economic Woes Salva Kiir

Etter eit parlamentsvedtak vert Salva Kiir sittande fram til 2018, om alt går etter planen hans.

Foto: Jason Patinkin / Ap

Det var Sør-Sudans nasjonalforsamling som med eit stort fleirtal vedtok å utvide presidentens mandat med ytterlegare tre år.

TOPSHOTS 2014-SSUDAN-UNREST

Det er eit vakkert land, men med ei grufull historie. Lite tyder på at ei fredsløysing er nær i Sør-Sudan.

Foto: FABIO BUCCIARELLI / Afp

Eigentleg planlagd val i sommar

Kiirs eige parti, SPLM, har 160 av dei 170 seta i parlamentet, og det er difor naturleg å tru at Kiir sjølv kan ha påverka utfallet av voteringa.

Men partiet har det siste året hatt store interne problem etter at tidlegare visepresident Riek Machar og president Kiir starta ein ny borgarkrig i landet.

Dagens vedtak strir mot råda frå den austafrikanske samarbeidsorganisasjonen IGAD, som prøver å få til ei mellombels maktdeling mellom dei to rivalane president Kiir og opprørsleiar Riek Machar. Dei vil gjerne at Kiir og Machar deler på makta i landet, men ein slik avtale har dei ikkje klart å få til, trass lange forhandlingar.

Det var eigentleg planlagd val i Sør-Sudan den 9. juli, men det vart avblåst av styresmaktene i landet førre månad. I staden for føreslo dei for nasjonalforsamlinga at president Kiirs mandat vart utvida med heile tre år.

– Treng tid til å førebu fritt val

Forslaget vart vedteke med «overveldande fleirtal» tysdag, ifølgje parlamentsmedlem Thomas Wani Kundu.

Han meiner vedtaket er gjort i eit forsøk på å unngå eit maktvakuum dersom fredssamtalane kollapsar.

– Desse tre ekstra åra er meint å gi oss ein sjanse til å vere førebudde, slik at me kan gjennomføre eit fritt og rettvist val, sa han til nyheitsbyrået AFP.

I 2013 sparka president Kiir visepresident Riek Machar etter ein langvarig maktkamp. Dei to mobiliserte folkegruppene dei høyrer til, dinka og nuer, til kamp mot kvarandre. Minst 10.000, kanskje så mange som 50.000 menneske er drepne sidan krigen braut ut i desember 2013.

SOUTHSUDAN-UNREST/ South Sudan's rebel leader Machar talks to the journalists after attending peace talks with South Sudan's President Kiir in Ethiopia's capital Addis Ababa

Opprørsleiar Riek Machar har lenge forhandla med Kiir om ein fredsavtale, men så langt har dei ikkje lukkast.

Foto: TIKSA NEGERI / Reuters

Opprørarane med nye trugslar

Ein talsmann for opprørarane seier at vedtaket berre er eit døme på at Kiir er ein diktator.

– Han er ein diktator som vil bli verande ved makta. Dei kan ikkje halde val i eit land kor det er krig, men det gjer dei ikkje løyve til å la dei halde fram i regjering i all framtid, seier talsmann Lony Ngundeng.

– Det er ikkje opp til dei å bestemme. Alt kan skje, og ting kan endre seg. Me kan til dømes ta over Juba, sa Ngueng.

Han gjentok dermed ein trugsel som opprørarane tidlegare har kome med, om at dei kan endre strategi frå å kjempe om kontroll i det oljerike nord, til å ville erobre hovudstaden i sør.

SISTE NYTT

Siste nytt