Hopp til innhold

Søvnlause timar med teljing før svaret kjem

Skottane har gjort jobben og gitt si stemme. Første valmåling etter at vallokala stengde viser nei-fleirtal, men det endelege svaret kjem først tidleg fredag morgon.

Britain Scotland

Fleire millionar valsetlar skal teljast opp. Skal ein tru den første meiningsmålinga som vart offentleggjort etter at lokala vart stengde, så går det mot eit nei for skotsk sjølvstende.

Foto: Scott Heppell / Ap

Skottland - kveld

NRK er til stades i Edinburgh i kveld, der det er yrande folkeliv i gatene. Folket ventar spente på resultata.

Foto: Johan E. Bull / NRK
JA - ungdom

Ungdommen i Skottland utgjer eit stort fleirtal av dei som stemmer ja til sjølvstende. Denne gjengen kan fort bli skuffa om meiningsmålingane viser seg å stemme.

Foto: Johan E. Bull / NRK
BRITAIN-SCOTLAND-INDEPENDENCE-VOTE

Det er mange i sving når stemmene skal teljast. Her frå Glasgow.

Foto: Andy Buchanan / Afp
YES

Det er mykje som tyder på at denne mannen har brukt pengane på ein ballong som gav lite nytte. Nei-sida leiar på dei fleste målingane.

Foto: Johan E. Bull / NRK
Ja-jente

Det manglar ikkje på effektane. Denne jenta heia på eit sjølvstendig Skottland framføre det skotske parlamentet i formiddag.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Klokka 23 vart siste valsetel kasta i valurna, og skottane kunne starte å telje dei mange røystene som var komne inn. Dei skottane som ikkje tel sit klistra framfor TV-skjermen i spenning.

54 % nei – 46 % ja

Det offisielle resultatet er venta rundt klokka sju fredag morgon, men på ei måling utført av YouGov, som vart offentleggjort då vallokala stengde, var det 54 prosent til neisida.

– Med fare for å sjå ut som ein komplett tulling om åtte timar, så trur eg at eg kan seie med 99% sikkerheit at det vert siger til neisida, seier leiaren for YouGov, Peter Kellner, til Sky News.

Meiningsmålinga er utført i dag, og viser same resultat som tidlegare meiningsmålingar dei siste dagane. Målinga skal ikkje vere like omfattande som ei valdagsmåling. YouGov si måling er basert på 1.828 veljarar, som har oppgitt kva dei stemte, samt 800 førehandsstemmer.

Meir enn 5000 vallokale stengde dørene klokka 23. Ingen offisielle tal er endå klare, men det er venta at valdeltakinga var skyhøg. 97 prosent av folk over 16 år, eller nærare bestemt 4.285.323 skottar, er registrerte for å kunne delta i valet.

– Eg vert ikkje overraska om det er 80 prosent oppmøte, seier Mary Pitcaithly, som er sjefsteljaren under det skotske valet.

Skottlands tidlegare valoppsluttingsrekord er på 83,9 prosent frå det britiske parlamentsvalet i 1950. Dei mest optimistiske trur rekorden vart slått i dag.

Ekspertar trur på «nei»

Leiaren for jafolket var i ekstase då valet var over.

– Det er ein eineståande augneblink. Dette er ein moglegheit som berre kjem ei gong i livet, sa Alex Salmond til nyheitsbyrået AFP

Dei siste meiningsmålingane før valet viser eit knapt fleirtal til neisida, og også dei norske ekspertane som følgjer valet tett trur på eit nei-fleirtal.

– Eg vil tippe at det går i favør av eit nei, men det blir nok med knapp margin. Eg trur mange nok av dei tvilande har latt seg overtale av fornufta, og farane ved å stemme ja får dei til å tippe mot eit nei, seier stipendiat ved Universitetet i Oslo og Storbritannia-ekspert Øivind Bratberg.

Og det er mykje som tyder på at det vert spennande fram mot siste slutt. Dei to blokkene har følgt kvarandre i lang tid, og det er ikkje før dei siste dagane at neisida har klart å halde unna.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt