Hopp til innhold

Skulda for samarbeid med Boko Haram – toppoffiserar for krigsrett

Ein brigadegeneral og 21 andre høgtståande offiserar i den nigerianske hæren blir stilte for krigsrett for å ha sabotert krigen mot terrororganisasjonen Boko Haram, seier militære kjelder i landet.

Nigerias president Goodluck Jonathan.

Nigerias president Goodluck Jonathan inspiserer nigerianske soldatar i eit kjerneområde for Boko Haram nord i landet sist veke.

Foto: OLATUNJI OMIRIN / Afp

To kjelder i den nigerianske hæren opplyser til nyheitsbyrået Reuters at saka mot dei 22 offiserane starta i eit militært hovudkvarter i storbyen Lagos i går. Det er uklart kva offiserane heilt konkret er tiltalte for, men det har lenge vore mistanke om at Boko Haram har hatt støttespelarar i hæren.

Nigeria-Girl Bomber

Denne 10 år gamle jenta vart forsøkt trua av Boko Haram til å gjennomføre ein sjølvmordsaksjon, men ho kom seg unna.

Foto: AP Photo / Ap

Dette kan forklare meldingar om at den islamistiske gruppa har gått inn i byar og landsbyar som i utgangspunktet skulle vere beskytta av hæren, utan å møte nemneverdig motstand.

Åtvara om infiltrasjon

Nigerias president Goodluck Jonathan sa så tidleg som i mai i fjor at det ikkje var tvil om at Boko Haram hadde infiltrert både hæren og politiet, men dette er første gong høgtståande offiserar er tiltalte for det. Ved sida av brigadegeneralen er også 14 oberstar, ein major og fem kapteinar på lista over tiltalte.

I desember i fjor vart 54 soldatar dømde til døden for å ha nekta å følgje ordre under eit felttog mot Boko Haram i det nordlege Nigeria. 12 andre soldatar vart dømde til døden i september i fjor etter skuldingar om at dei prøvde å drepe kommandanten sin.

Kampmoralen blant meinige soldatar i den nordlege delen av Nigeria er rekna for å vere låg. Dei har dårleg utstyr og tener elendig, og dei veit at motstandaren Boko Haram har både langt betre utstyr og fleire folk under våpen.

80 personer bortført etter Boko Haram-angrep

Boko Haram-frykt også i Niger, Tsjad og Kamerun

Nigeria Violence

Heimlause born etter Boko Haram-angrep i kø for å få mat i Jolo i Nigeria.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Starta året med nye drap

Boko Haram-leder Abubakar Shekau

Boko Harams brutale leiar Abubakar Shekau er ein klar kandidat til Den internasjonale straffedomstolen i Haag, om han nokon gong blir teken.

Rundt 10.000 menneske er drepne av Boko Haram i løpet av 2014, og 2015 har starta slik det gamle året enda med endå fleire drap og bortføringar. Boko Haram kontrollerer no eit område i det nordlege Nigeria på storleik med Belgia, og dei har også teke område i nabolanda Tsjad, Kamerun og Niger.

Boko Haram har ikkje gjort noko forsøk på å byggje opp noko sivilt styre i områda dei kontrollerer, og kvardagen til dei som bur der er prega av drap, bortføringar, matmangel og kaos . Dei drøymer om å attskape eit islamsk kalifat etter mønster frå Mellomalderen, men mislukkast fullstendig i å dekkje dei grunnleggjande behova til menneska som bur der.

Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) har no starta etterforsking av massedrapa til Boko Haram. Ei talskvinne for ICC lovar at dei ansvarlege skal tiltalast ved domstolen.

Tre unge jenter blei Boko Harams «dødsenglar»

– Har gitt opp å telle Boko Haram-offer

– 2000 kan vere drepne av Boko Haram

SISTE NYTT

Siste nytt