Hopp til innhold

Skrekkhistorier frå flyktningskip i Italia

15 muslimske båtflyktningar er arresterte av italiensk politi etter at vitne har fortalt at dei kasta 12 kristne flyktningar over bord frå eit flyktningskip på veg frå Libya til Italia. 41 menneske omkom då dei prøvde å krysse Middelhavet på ein flåte.

Flyktningar i Caltagirone på Sicilia.

Desse afrikanske flyktningane har kome seg heilskinna til Sicilia. Biletet er teke på ei flyktningsenter i Caltagirone i dag.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Skrekkhistoriene florerer på den italienske øya Sicilia, som i desse dagar opplever at fleire båtflyktningar enn nokon gong tidlegare prøver å ta seg til Europa. For første gong har i dag politiet fått melding om drap etter krangel mellom passasjerar på eitt av dei overfylte flyktningfartøya.

Italiensk politi opplyser til AFP at dei 12 vart kasta frå båten etter ein krangel med etterfølgjande slagsmål. Det er motstridande meldingar om dei 12 var drepne før dei vart kasta over bord, eller om dei vart kasta over bord medan dei enno var i live.

– Verre dag for dag

Flyktningar til hamn i Palermo.

Flyktningar som vart plukka opp eit handelsskip tidlegare denne veka går i land i Palermo i Sicilia.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Samstundes seier EU-kommisjonen at flyktningsituasjonen i Middelhavet blir verre dag for dag, Kommisjonen meiner dei treng pengar og politisk støtte for å kunne ta seg av den stadig aukande straumen av flyktningar.

I natt vart fire overlevande funne av den italienske marinen om bord i eit skrøpeleg fartøy. Dei fire overlevande, to frå Nigeria, ein frå Ghana og ein frå Niger, har fortalt at 41 andre drukna.

Dei fire har fortalt politiet at ei gruppe på 45 menneske hadde reist frå Tripoli i Libya på ein tømmerflåte. Dei fire overlevande kom inn til Trapani på Sicilia i dag på eit italiensk marinefartøy. 600 andre flyktningar kom også inn til Trapani i løpet av dagen.

Menneskesmuglarar

På grunn av at det har vore godt ver og lite vind i denne delen av Middelhavet den siste tida har lang fleire flyktningfartøy enn vanleg lagt ut frå det borgarkrigsherja Libya med kurs for Italia.

Dagen før miste over 400 menneske livet i eit forlis i havområdet mellom dei to landa. Båten dei var om bord i kantra etter at flyktningane jubla for at dei var oppdaga.

Italiensk politi opplyser også at dei har arrestert fleire mistenkte menneskesmuglarar dei siste dagane. Nokre av dei er mistenkte for å ha kasta menneske over bord.

I løpet av dei siste dagane er over 10.000 flyktningar berga frå skrøpelege farkostar i havområdet mellom Libya og Italia. I fjor kom det 170.000 flyktningar sjøvegen til Italia, og det er venta at denne rekorden vil bli grundig slått i år.

Flyktningar om bord på eit kystvaktskip i Palermo.

Ei gruppe flyktningar går på land frå eit kystvaktskip i Palermo på Sicilia tidlegare denne veka.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Støre: – Norge bør ta imot 10.000 syrere

Reddet 6000 båtflyktninger i helga

– Manglar pengar og politisk støtte

– Situasjonen i Middelhavet er alvorleg og vil bli verre i dei komande vekene og månadene, seier talskvinne Natasha Bertaud i EU-kommisjonen. Ho seier at dei gjer det dei kan, men at det ikkje er nok.

– Vi må vere ærlege. Vi greier ikkje å gjere dette på eiga hand, fordi vi manglar både pengar og politisk støtte til å hjelpe alle som treng det, seier ho ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Italienske styresmakter klagar over at dei ikkje får nok hjelp frå andre europeiske land til å handtere flyktningkrisa.

APTOPIX Italy Migrants

Flyktningstraumen til Sicilia aukar for kvar dag. Italia og EU-kommisjonen ber innstendig om meir hjelp.

Foto: Calogero Montanalampo / Ap