Hopp til innhold

Skal byggje ny «Panama-kanal» i Nicaragua

Ei kinesisk gruppe fekk denne veka grønt lys av regjeringa i Nicaragua til å byggje ein ny kanal frå Atlanterhavet til Stillehavet. Prislappen er på heile 250 milliarder kroner.

Cocibolca-sjøen i Nicaragua

Cocibolca-sjøen, også kjent som Nicaragua-sjøen, i Nicaragua fotografert 7. juni i år. Etter de nye kanalplanen skal den store sjøen være en sentral del av den planlagte kanalen.

Foto: Esteban Felix / AP

Cocibolca-sjøen i Nicaragua

To fiskarar på Cocibolca-sjøen, også kjent som Nicaragua-sjøen, i Nicaragua. Om nokre år kan enorme skip passere der dei to i dag dreg opp fisken.

Foto: Esteban Felix / AP
Wang Jing

Wang Jing. styreformannen i HKND-gruppen, svara på spørsmål om den planlagde kanalen på ein pressekonferanse i Beijiing tysdag denne veka.

Foto: Jason Lee / Reuters
Kraner i Panama

Enorme byggeplaner i Gatun på Panama-kanalen Atlanterhavskyst, der det føregår ei stor utbygging. Den utvida Panama-kanalen skal etter planen stå ferdig i 2015.

Foto: Arnulfo Franco / AP
Amerikansk vitsetegning

Vitsetegning frå 1895 som tok til orde for at amerikanarane skulle byggje ein kanal gjennom Nicaragua.

Foto: Faksimile

Byggjeplanane går 500 år tilbake i tid, til tida då Christofer Columbus utforska det amerikanske kontinentet for å finne den beste staden å lage ein sjøveg mellom dei to store verdshava.

Planane kom seinare opp att for alvor på 1800-talet, men då Panama-kanalen stod ferdig i 1914 vart dei omfattande planane skrinlagt.

Konkurrerer med Panama og Arktis

Men dei siste åra har altså nokre rike kinesiske investorar, med milliardæren Wang Jing i spissen, opna skrinet att. Men vegen fram har vore lang, det starta i 2006, og først denne veka fekk dei det avgjerande løyvet til å kunne starta bygginga av ein ny sjøveg på tvers av Mellom-Amerika.

Dei største kritikarane er framleis i tvil om kanalen faktisk vil bli ein realitet, og mange meiner det er dårleg miljøpolitikk å gjere såpass store inngrep i naturen for å byggje nok ein kanal i Mellom-Amerika. Særskild Nicaragua-sjøen kan kome til å lide sidan alle båtar må gjennom innsjøen på veg over kontinentet, meiner mange.

Økonomar meiner også at reknestykket ikkje heilt vil gå opp, sidan ein ny Nicaragua-kanal vil konkurrere med både Panama-kanalen og dei nye transportmoglegheitane som opnar seg i Arktis.

Optimisme blant Nicaraguas leiarar

Men i Nicaragua er det derimot grøne tal som lyser mot folk flest og parlamentspolitikarane som på tysdag godkjente planane. Styresmaktene med president Daniel Ortega i spissen meiner kanalen vil doble talet på statlege tilsette, og at meir enn 400.000 menneske vil bli løfta ut av fattigdom.

Styresmaktene i landet hevdar også at kanalen vil fungere meir som eit supplement til Panama-kanalen, i staden for å vere ein konkurrent. Dei meiner også det er behov for ein større kanal som kan frakte store moderne skip trygt mellom dei to versdshava.

– Mediastunt

Ei meiningsmåling blant folket i Nicaragua synar at eit fleirtal støtter utbyggingsplanane, men det er også rørsler i landet som ikkje trur at kanalen vil kome folk flest til gode.

Også opposisjonen i landet har vore kritiske, og kongressmedlem Eliseo Nunez frå det liberale partiet har kalla prosjektet for propaganda og eit mediastunt som berre gir falskt håp til folket i Nicaragua.

Kanalen som er under planlegging er tre gonger så lang som dagens Panama-kanal, og traseen skal ha blitt lagd i områder kor den utgjer minst mogleg skade på det biologiske mangfaldet, urinvånarterritorium og naturreservat. Kanalen er planlagd å ha ei breidde på mellom 230 og 520 meter, og ei djupne på 27,6 meter.

Nicaragua-kanal

SISTE NYTT

Siste nytt