Hopp til innhold

Sjuk Rob Ford trekkjer seg

Den skandaleramma borgarmeisteren i den kanadiske storbyen Toronto, Rob Ford, har trekt seg frå kampen om ein ny periode. Broren hans Doug stiller i staden.

Borgarmeister Rob Ford i Toronto.

Rob Ford tek likevel ikkje attval som borgarmeister i Toronto.

Foto: Chris Young / Ap

Dette skjer etter at Ford i går vart lagt inn på sjukehus med ein svulst i magen. Det var ikkje klart om svulsten er godarta eller vondarta. I går vart det opplyst at resultatet av testane ikkje blir klare for om rundt ei veke.

Han gjekk til lege etter å ha vore plaga av magesmerter i fleire månader, men som har vorte kraftig forverra dei siste dagane.

Broren er kandidat

Doug Ford, broren til Rob Ford.

Doug Ford, her på veg inn på sjukehuset for å vitje boren Rob, er kandidat til å bli ny borgarmeister i Toronto.

Foto: Aaron Vincent Elkaim / Ap

I kveld vart det også klart at broren til Rob Ford, Doug Ford, har registrert seg som kandidat til borgarmeistervalet. Rob Ford varslar at han kjem til å kjempe for ein plass i bystyret.

Doug Ford er 49 år gammal og har vore leiar for valkampanjen til broren. Han er også medlem av bystyret i Toronto.

45 år gamle Rob Ford har skapt store overskrifter over heile verda då han vedgjekk at han hadde kjøpt og brukt kokain medan han var borgarmeister. Det verserte også mange videoar av han på nettet der han stod fram som tungt rusa.

Han nekta lenge for at han hadde eit rusproblem, men i mai i år la han seg inn på ein avvenningsklinikk for å få bukt med sine alkohol- og narkotikaproblem. Då han kom tilbake i jobben i juni lova han bot og betring .

Fråteken makt

I fjor haust vart han fråteken store delar av makta si av bystyret på grunn av skandalane rundt han.

Meiningsmålingar i Toronto viser at Rob Ford ligg på andreplass med ei oppslutning på 28 prosent, bak den konservative utfordraren John Tory. Ford representerer Det liberale partiet.

Rob Ford si grunngjeving for å trekkje seg

I brevet til veljarane sine seier Rob Ford blant anna at han no står overfor den tøffaste kampen i livet sitt, og at det ikkje vil vere mogleg for han å halde fram som borgarmeister. Han lovar dei likevel ikkje å gi opp, og han gjer det klart at han bad broren om å stille som kandidat for å gå vidare med alt som er oppnådd i tida som borgarmeister.

Trufaste tilhengjarar

Trass i dei mange skandalane rundt Rob Ford har han likevel ein trufast tilhengjarskare. Han har gått hardt ut mot sløsing med offentlege pengar, kutta i offentlege utgifter, og dette har gått heim hos mange veljarar.

Rob Ford fekk 47 prosent av røystene då han vart valt til borgarmeister i 2010.

LES OGSÅ: Ford vedgår kjøp av narkotika - men nektar å trekkje seg

LES OGSÅ: Borgarmeisteren i Toronto opptrer i ny skandalevideo

LES OGSÅ: Ordfører innrømmer crackrøyking

SISTE NYTT

Siste nytt