Hopp til innhold

Sjølvmordsaksjon mot russisk politi

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire russiske politibetjentar blei drepne då ein kvinneleg sjølvmordsbombar gjekk til åtak mot ein politipost i Dagestan.

Ein talsmann for det russiske innanriksdepartementet seier at sjølvmordsbombaren prøvde å ta seg inn på politiposten, men blei stoppa like utanfor.

Der utløyste ho sprengladninga ho hadde festa på kroppen, seier talsmannen ifølgje russiske medium.

Fire politimenn blei drepne og to andre såra, opplyser talsmannen. Det er enno ikkje kjent kven som står bak åtaket.

Ikkje første gongen

Fleire gongar har det vist seg at islamske opprørarar står bak liknande angrep, og kampar mellom russiske styrkar og islamske opprørsgrupper har vore mange.

I januar 2010 gjekk det av ei bombe på ein flyplass i Moskva, og ei islamistisk opprørsgruppe frå Nord-Kaukasus viste seg å stå bak.

LES: Politiet vil ha tak i denne mannen etter terroraksjonen i Moskva

I februar i år blei fleire titals væpna menn drept i kampar mellom tryggleiksstyrkar og opprørarar i den russiske regionen Nord-Kaukasus.

Kampane gjekk føre seg i tung snø i åsområda på grensa mellom Tsjetsjenia og Dagestan, 96 mil sør for Moskva.

LES: Fem drept i Dagestan-angrep

Dagestan

Leiarar av ein islamsk opprørsgruppe i Nord-Kaukasus, poserer for eit bilete i ein skog i Dagestan.

Foto: HANDOUT / Reuters

Vil ha islamsk republikk i Kaukasus

Sjølv om det er ukjent kvar sjølvmordsbombaren tilhøyrer, er det kjent at det kjempar fleire islamistiske opprørsgrupper i Dagestan, i likskap med fleire andre av dei russiske delrepublikkane i Kaukasus.

Desse har som mål å få oppretta ein eigen islamsk republikk i Kaukasus.

LES: Al Qaida-kriger drept i Tsjetsjenia

SISTE NYTT

Siste nytt