Hopp til innhold

– Gaddafi vil aldri bli obdusert

Militære leiarar i Libya seier dei ikkje vil tillata den planlagde obduksjonen av Muammar Gaddafis lik, som skulle gje svar på korleis eks-diktatoren døydde.

Muammar al-Gaddafi, dekket av blod etter han er tatt til fange

Mange spørsmål står framleis utan svar når det gjeld omstenda kring Muammar Gaddafis død. I dag skal liket til obduksjon.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det er framleis stor uvisse om korleis den libyske eks-diktatoren Muammar Gaddafi døydde, og libyske styresmakter er under hardt press for å gje ei full utgreiing om omstenda kring hans død.

Ein rettsmedisinar skulle laurdag obdusera liket av Gaddafi, men dei militære leiarane i Misrata, byen der kroppen blir oppbevart, har no sett ein stoppar for den planlagde likopninga.

– Det blir ingen obduksjon, korkje i dag eller nokon annan dag, seier talsmann for det militære rådet i Misrata, Fathi al-Bashaagha til nyheitsbyrået AFP.

Muammar al-Gaddafi, dekket av blod etter han er tatt til fange

Videobilete viser ein blodig, men levande Gaddafi etter at han vart teken til fange den 20.oktober.

Foto: REUTERS TV / Reuters
Røyrleidningen der Gaddafi vart teken til fange.

I denne røyrleidningen skal rin flyktande Gaddafi ha vorte teken til fange

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters
Ligg på slakteriet

Gravferda til despoten blei utsett for at rettsmedisinarane skulle få høve til å kartleggja dødsårsaka. I mellomtida ligg liket av Gaddafi på utstilling i eit fryserom i eit slakteri i Misrata.­

Gaddafi skal ha vore hardt såra, men framleis i live då han vart teken til fange i heimbyen Sirte torsdag.

Det nasjonale overgangsrådet i Libya har gjort det klart at det ikkje gav ordre om å drepa Gaddafi. Mykje tyder likevel på at eks-diktatoren vart lynsja med overgangssoldatar til stades, noko som vekkjer sterke reaksjonar internasjonalt.

– Fekk som fortent

FN krev full etterforsking av dødsfallet til Gaddafi, og USA ber om at etterforskinga skjer på ein open og transparent måte. Familien til Gaddafi har på si side bede om å få utlevert levningane hans.

Folket i Libya verkar derimot ikkje like forderda over den brutale behandlinga Gaddafi fekk før sin død.

– Dei aller fleste eg har snakka med seier at han fekk som fortent, seier Midtausten-korrespondent i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, som er i Tripoli.

– Eg har framleis ikkje møtt nokon som har vore oppriktig opprørde over måten han døydde på. Folk utvekslar videoane av dei siste minuttane hans på mobiltelefonane sine, fortel Mikkelsen.

.

SISTE NYTT

Siste nytt