Hopp til innhold

Sju ukrainske soldatar drepne i separatistangrep

Sju ukrainske soldatar er drepne og sju såra etter eit angrep av separatistar nær byen Kramatorsk aust i landet, opplyser det ukrainske forsvarsdepartementet.

Ukrainske soldatar ved ei vegsperring nær Slavjansk.

Ukrainske soldatar har oppretta ein kontrollpost like utanfor byen Slavjansk i det austlege Ukraina.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Ifølgje departementet vart dei ukrainske regjeringssoldatane utsette for eit angrep då dei køyrde over ei bru rundt 20 kilometer frå Kramatorsk, ein by like ved Slavjansk i det urolege Aust-Ukraina.

To av soldatane vart drepne momentant, medan fire andre mist livet i skotvekslinga som fylgde angrepet, opplyser departementet. Den sjuande døydde seinare av skadane.

Angrepet vart utført av ei gruppe på rundt 30 væpna menn med tunge våpen, blant anna granatkastarar, blir det opplyst.

Største tapet

Det er ikkje oppgitt noko om drepne eller såra på separatistane si side.

Dette er det største tapet for den ukrainske regjeringshæren i ei enkelthending sidan opprøret starta i det austlege Ukraina. Tidlegare i dag sa forsvarsminister Mikhailo Koval at i alt ni soldatar vart drepne i det han kallar antiterror-operasjonen i det austlege Ukraina.

Dermed er talet på drepne ukrainske regjeringssoldatar oppe i 16. Fem av desse var helikopterpilotar, som miste livet då helikoptera deira vart skotne ned av opprørarar.

– Blod på hendene

I kveld vart det klart at regjeringa i Kiev ikkje vil at separatistane skal få delta i planlagde dialogmøte onsdag. Regjeringa seier at forhandlingar berre er mogleg for dei kreftene som har legitime politiskemmål og som ikkje har blod på hendene.

Arsenij Jatsenjuk

Statsminister Arsenij Jatsenjuk ber Russland stanse støtta til opprørarane i det austlege Ukraina.

Foto: Konstantin Chernichkin / Reuters

Dette blir tolka som av avvising av kravet frå Russland om at separatistane frå Donetsk og Luhansk skal få deltak i samtalane, der politikarar og representantar frå Ukrainas sivilsamfunn skal møtest for å diskutere krisa.

Både Russland, Ukraina, EU og USA har tidlegare gitt positive tilbakemeldingar på OSSEs forslag til løysing på krisa. Planen legg vekt på avvæpning, nasjonal dialog og støtte til den ukrainske regjeringa framfor valet 25. mai.

Drapsforsøk på separatist-guvernør

I ei anna utvikling i det borgarkrigstrua landet vart den sjølverklærte guvernøren Luhansk, Valerij Bolotov, utsett for eit attentat. Talsmannen hans opplyser at han vart skoten med automatvåpen, men overlevde.

Bolotov erklærte søndag Luhansk for ein sjølvstendig region etter ei folkerøysting, Folkerøystinga er ikkje godkjent av den ukrainske regjeringa, også EU og USA har kalla avrøystinga for ikkje akseptabel.

Samstundes held den harde retorikken mellom ukrainske styresmakter og separatistane i aust. Statsminister Arsenij Jatsenjuk sa under eit besøk i Brussel i dag at Russland vil mislukkast i å gjere Ukraina til ein mislukka stat, og at Russland må slutte å støtte separatistane i aust i landet.

– Ingen grunn til gass-stopp

Vi oppmodar Russland til å fordømme dei og overtale desse demonstrantane, eller rettare sagt, desse terroristane, til å forlate bygningane dei okkuperer, sa han blant anna.

Jatsenjuk sa også at Russland ikkje har nokon grunn til å krevje førehandsbetaling før det blir snakk om nye gassforsyningar til Ukraina etter 3. juni.

– Då Russland annekterte Krim, tok dei beslag i ukrainsk eigedom, sa Jatsenjuk. Han sa også at Russland i den prosessen også stal ukrainsk naturgass.

krematorsk