Politiet stadfestar at dei hadde ein politiaksjon i Birmingham forrige veke, der terrorplanane vart avdekt, skriv BBC.
Dei terrorsikta, som alle er frå Birmingham, skal møte i retten i London måndag.
To av dei seks skal ha reist til Pakistan for opplæring i terrorisme, og skal seinare ha laga ein video der dei framstår som martyrar. Ein av dei sikta er i tillegg sikta for å ha samla inn pengar til terrorisme.
Det skal ha vore konkrete planar om ein bombeaksjon, der intensjonen skal ha ein sjølvmordsaksjon. Politiet fann også ein heimelaga bombe i aksjonen.
Dei seks er mellom 25 og 32 år, og er av ikkje-britisk bakgrunn.