I midten av juni trakk Russland tilbake dei fleste av dei 40.000 soldatane som dei tidlegare hadde stasjonert ut ved grensa til Ukraina. Berre 1.000 soldatar stod att etter tilbaketrekkinga. No melder ein NATO-tenestemann at rundt 10-12.000 russiske soldatar er på veg tilbake til grensa etter harde kampar i helga.
Mange drepne
Minst 60 personar skal ha blitt drepne i helgas kampar mellom ukrainske og pro-russiske styrker, og minst 20 av dei skal vere sivile.
I dag kjem meldingane om at eit militært ukrainsk transportfly er skoten ned av ein rakett, og ukrainars forsvarsminister seier raketten sannsynlegvis vere skoten opp frå Russland.
- LES OGSÅ:
Ein mann skal også ha blitt drepen på russisk side av grensa, hevdar russiske styresmakter. Mannen skal ha blitt treft av ein granat som vart sendt frå den ukrainske sida. No trappar Russland opp sin innsats, og det er på ny frykt for russisk invasjon i Aust-Ukraina.
I Kiev hevdar at russiske separatiststyrker med vilje stiller seg nær den russiske grensa, slik at rakettar som vert skutt mot dei kan hamne inne på russisk territorium. Dette er påstandar som Russland kallar for våsete.
Skuldar Russland for innblanding
Ukrainske styrker har den siste veka vunne tilbake kontrollen over fleire ukrainske byar i ein offensiv dei har hatt mot opprørsstyrkane, og den nyvalde presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, har truga med å drepe fleire hundre opprørarar for kvar ukrainske soldat som mister livet.
I dag skuldar Porosjenko Russland for å blande seg inn i konflikten.
– Dei tre siste dagane har eit nytt russisk rakettsystem blitt brukt mot ukrainske styrker. Informasjon me har stadfestar også at militært russisk personell tek del i operasjonane mot ukrainske styrker, seier Petro Poroschenko.
– 70.000 på flukt
Lokale styresmakter hevdar at så mange som 70.000 av dei 900.000 menneska som bur i regionen er på flukt, og nyheitsbyrået AFP omtalar storbyen Donetsk som ein «spøkelsesby».
- LES OGSÅ:
Russlands president, Vladimir Putin, og forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel var i går i samtaler i Rio de Janeiro, i samband med finalen av årets fotball-VM.
Der vart dei einige om at situasjonen i Aust-Ukraina er urovekkande, og at dei skal jobbe for å få til nye fredssamtaler mellom partane så snart som mogleg. Merkel bad også Vladimir Putin om å påverke dei pro-russiske styrkane til å inngå i fredssamtaler.
- LES OGSÅ:
I dag har russiske styresmakter bedt Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) om hjelp til å halde eit auge med grensa mellom dei to landa.
– Som ei velvillig handling, og utan å vente på at ei våpenkvile skal bli sett i verk, så vil Russland invitere OSSE til å sende observatørar til grensestasjonane ved Gukovo og Donetsk, heiter det i eit presseutsegn frå det russiske utanriksdepartementet.
– Kan bli alvorleg
Førsteamanuensis i russisk ved Universitetet i Bergen, Martin Paulsen, følger situasjonen tett og seier at den nye utviklinga kan føre til ein alvorleg situasjon.
– Det som no er nytt er at rakettar byrjar å fly over grensa mellom Russland og Ukraina, eller i alle fall at begge sider hevdar det. Det er eit nytt element i konflikten, og kan føre til at det vert endå meir alvorleg, seier Martin Paulsen.
Paulsen meiner Ukraina si store utfordring er å få gjennomført ein aksjon så raskt som mogleg, utan at det provoserer fram handling frå russisk side.
– Dei må få gjennomført ein rask og effektiv «anti-terrorist-aksjon», som dei sjølve kallar det, for å ikkje gi separatistane moglegheit til å ta grep om makta, og samstundes må dei ikkje gi folket i Aust-Ukraina kjensla om at dei er overlatne til seg sjølve, seier Paulsen.