Hopp til innhold

Rykte om russisk rakettutplassering skaper frykt i Baltikum og Polen

Dei baltiske landa og Polen uttrykkjer sterk uro etter meldingar om at Russland har plassert ut Iskander-rakettar i enklaven Kaliningrad på grensa mellom Litauen og Polen.

Russland viser fram Iskander-rakettar under ein militæparade i Moskva i april 2008.

Iskander-rakettar blir viste fram under ein militærparade i Moskva i 2008.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Det var den russiske avisa Izvestia som i dag melde at Russland for ei god stund sidan har utplassert rakettane i Kaliningrad. Landet har tidlegare trua med å gjere det, som eit mottiltak mot NATOs planlagde rakettskjold.

Izvestia siterer ein ikkje namngitt høgtståande tenestemann i det russiske forsvarsdepartementet på at rakettane har vore på plass i Kaliningrad ei god stund, medan ei anna kjelde seier at rakettsystemet har vore på plass der i eitt og eit halvt år.

Satellittbilete

Russiske raketter

Dei baltiske landa og Polen er sterkt uroa over meldingar om at Russland alt har utplassert Iskander-rakettar i Kaliningrad.

Foto: EVGENY STETSKO / AFP

Saka i Izvestia kjem etter at den tyske avisa Bild am Samstag sist laurdag skreiv at hemmelege satellittbilete viser at Iskander M-rakettar er utplasserte ein stad svært nær grensa til Polen.

Dei baltiske landa og Polen er svært nervøse for alle russiske militære disposisjonar i området. Forsvarsministeren i Latvia, Artis Pabriks, seier at meldingane om rakettutplasseringa ikkje kjem som noko overrasking. Han meiner likevel at det skaper unødvendig politisk spenning, og at det øydeleggjande for den gjensidige tilliten.

– Eg trur Russland gjer dette for å vise kven som er sjefen i regionen, seier han.

LES OGSÅ: Russland kan legge raketter på is

Svar på NATOS rakettskjold

Også styresmaktene i Litauen, Estland og Polen har uttrykt sterk uro over meldingane. Ein viktig del av det amerikanske rakettskjoldet skal etter planen stå ferdig i Polen i løpet av 2018. Heile rakettskjoldet skal vere ferdig i løpet av 2020.

Russland trua i 2011 med å utplassere Iskander-rakettar i Kaliningrad som eit svar på USA og NATO sine planar om eit rakettskjold. Trass i forsikringar frå USA og NATO om at rakettskjoldet ikkje rettar seg mot Russland, men mot røvarstatar som Iran og Nord-Korea, så trur ikkje russiske styresmakter på det.

Talsmann for det russiske forsvarsdepartementet, Igor Kansjenkov, seier i dag at Iskander-rakettar har vore utplasserte i det vestlege Russland, men han sa ikkje kvar i det vestlege Russland. Kaliningrad er det vestlegaste punktet i det russiske riket.

Kan bere atomvåpen

Iskander M-raketten, som kan utstyrast med atomvåpen, har ei rekkevidd på 400 kilometer. Det betyr at rakettane kan nå mål djupt inne i NATO-landa Polen, Litauen og Latvia.

Russlands president Vladimir Putin har sagt at rakettskjoldplanane i Polen er ei viktig årsak til at Russland må auke forsvarsbudsjettet sitt kraftig dei nærmaste åra. Planen er å bruke over 4000 milliardar kroner på å oppgradere det russiske forsvaret fram til 2020.

Ein høgtståande litauisk tenestemann seier anonymt til nyheitsbyrået Reuters at han ikkje trur Russland vil ta sjansen på å angripe eit NATO-land.

– Dersom rakettane alt er flytta til Kaliningrad, så er det meint som eit skremmeskot, seier han.

LES OGSÅ: USA vil endre rakettskjoldet

LES OGSÅ: Truer Europa med raketter

USA uttrykkjer uro

Også det amerikanske utanriksdepartementet uttrykkjer i kveld sterk uro over planane om å flytte Iskander-rakettar til Kaliningrad.

– Vi har bede Russland om ikkje å gjere noko som kan vere med på å destabilisere situasjonen i dette området, seier talskvinne Marie Harf i kveld.

Forholdet mellom USA, EU og NATO på den eine sida og Russland på den andre har forverra seg den siste tida. Det siste stridstemaet har vore situasjonen i Ukraina, der Russland i krasse ordelag har skulda vestlege land for å presse Ukraina inn i ein samarbeidsavtale med EU.

SISTE NYTT

Siste nytt