I dag vedtok parlamentet i Pakistan ei fråsegn som tek avstand frå adlinga av Salman Rushdie, med krav om at britiske styresmakter trekkjer utnemninga tilbake .

Tidlegare har Iran gått hardt ut mot adlinga av forfattaren bak "Sataniske Vers".

Iranske styresmakter skulda Storbritannia for islamfobi, same dagen som dronning Elizabeth II slo Rushdie til riddar.

59 år gamle Salman Rushdie måtte leve 10 år i skjul etter at den dåverande eineherskaren i Iran, ayatolla Khomeni, i 1989 utferda ein fatwa om at alle truande muslimar hadde plikt til å drepe den indisk-britiske forfattaren.

Salman Rushdie er slått til riddar i Storbritannia - Salman Rushdie skapar ny storm i den muslimske verda. - Foto: Seth Wenig / AP

Salman Rushdie skapar ny storm i den muslimske verda.

Foto: Seth Wenig / AP

Dette på grunn av "Sataniske Vers", som av mange muslimar blei oppfatta som støytande overfor islam.

 I 1998 gjorde iranske styresmakter det klart at dei ikkje lenger ville handheve fatwaen mot Rushdie.

Ein talsmann for det iranske utanriksdepartementet sa i går følgjande:

- Å heidre ein av dei mest forhatte personane i den islamske verda viser Storbritannia si fiendtlege haldning til islam.

Den pakistanske ministeren for parlamentariske saker, Sher Afgan, seier at underhuset i det pakistanske parlamentet  tek fullstendig avstand frå at Salman Rushdie no skal titulerast Sir.

- Vi krev at Storbritannia held seg unna handlingar som sårar muslimar, og at dei trekkjer tilbake adlinga av Rushdie, seier Sher Afgan.

Talskvinne i det pakistanske utanriksdepartmentet, Tasnim Aslam, opplyser at landet vil sende ein formell protest til London.

- Vi fordømer denne avgjerda til den britiske regjeringa om å adle ein forfattar som har provosert og sverta muslimar over heile verda, seier ho.

Religiøse studentar har demonstrert mot avgjerda i to pakistanske byar i dag. Dei brende dukker av Salman Rushdie og bar banner med sterk kritikk av forafattaren og britiske styresmakter.

 

 

 

 

 

(NRK-AFP-Reuters)