Santorum 2012 Rick Santorum - Rick Santorum kastar inn handkledet i kampen for å bli republikanarane sin presidentkandidat. - Foto: Gene J. Puskar / Ap

Rick Santorum kastar inn handkledet i kampen for å bli republikanarane sin presidentkandidat.

Foto: Gene J. Puskar / Ap

Rick Santorum trekkjer seg

Den republikanske presidentkandidaten Rick Santorum trekkjer kandidaturet sitt, og seier at hovudårsaka er at dottera er alvorleg sjuk.

Rick Santorum held no ein tale i Gettysburg i Pennsylvania for å offentleggjere at han trekk seg. Han fortel at ein av grunnane til at han trekk seg er at dottera har vore svært sjuk den siste tida.

Vanskeleg veke

– Eg vil takke alle for bønene dei siste vekene. Me har hatt ein vanskeleg veke, dottera vår er svært sjuk og har enda opp på sjukehuset. Men ho er ein fighter, og er komen heim. Men det har gjort at me revurderer kva me vil bruke livene våre på.

– Karen (kona hans, red. anm.) og eg sat ved kjøkkenbordet og prata om kva me ville gjere. Og då fann me ut at det beste ville vere at eg trekkjer meg som presidentkandidat.

Santorum si dotter, Bella, er født med ein alvorleg genetisk sjukdom. Legane sa til familien at ho ikkje ville leve til hennar eittårsdag. No er ho tre år gammal.

– Eg vil takke Gud og dykk alle for å ha hjelpt meg i denne kampanjen, seier Santorum til støttespelarane sine i talen.

Ville ikkje gi støtte til Romney

Rick Santorum har fått flest stemmer i 11 av delstatane som så langt har halde primærval eller valmøte. Han seier at han framleis vil vere involvert i republikanarane sin kamp for å slå Barack Obama.

Dermed er det tre kandidatar igjen i racet om å bli republikanarane sin kandidat: Mitt Romney, Ron Paul og Newt Gingrich.

Ifølgje den førebelse delegatfordelinga er det likevel mest sannsynleg at Mitt Romney er den som vil gå av med sigeren.

Men Santorum ville likevel ikkje gi støtteerklæring til Mitt Romney. Det kan sjåast i samanheng med ganske krasse utsegn mot kandidaten. Han har tidlegare sagt at «Mitt Romney vil vere den verst tenkjeleg kandidaten for det republikanske partiet.»

Gratulasjonar frå motstandarane

Ron Paul sitt valkampteam har kome med denne kommentaren etter at Santorum no trekkjer seg:

«Me vil gratulere Senator Santorum for å ha ført ein god valkamp. Ron Paul er no det einaste ekte konservative alternativet til Mitt Romney. Me vil framleis kjempe hardt for å sikre delegatar, og kjempe for ein avgrensa og konstituell stat under landsmøtet i Tampa.»

Mitt Romney nytta høve til å rose Santorum for å setje fokus på dei riktige sakene.

«Senator Santorum er ein dyktig og verdig motstandar, og eg gratulerer han for kampanjen han har ført. Han har bevist at han er ein viktig stemme i partiet og i nasjonen. Me er begge overtydd om at den viktigste oppgåva er å reversere feilstega som er gjort dei siste tre åra.»

Utvalgte dokumentarer

Br. dokumentar. Menneskene som omgikk den tyranniske diktatoren som hersket i Libya i 40 år, forteller om den voldelige og noen ganger sårbare mannen de arbeidet for. (Mad Dog: Inside the Secret World of Muammar Gaddafi)
Fr. dokumentar. Ukrainas politiske historie er preget av ekstreme hendelser og kaos. Russland tok tidlig kontrollen, og Stallin henrettet sju millioner mennesker. Etter Sovjetstatens oppløsning har ikke landet klart å samle seg. Orangerevolusjonen i 2004 slo feil, og en anti-orangerevolusjon fikk Viktor Janukovitsj stemt inn som president. (Ukraine, from Democracy to Chaos)
Da. dokumentar. Finnes det barnearbeid og -slaveri i Elfenbenskysten? Da sjokoladeindustrien fikk beskyldninger rettet mot seg, ble det igangsatt tiltak for å motarbeide trafficking og bygge opp skoler for barna i landet. Men hvor mye er egentlig blitt gjort? Miki Mistrati ville se selv. Han fant ut at forholdene er verre enn han fryktet. (Lyssky Chokolade)

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)