Tiltalte, Nesserdine Menni, er tiltalt for å ha finansiert og å ha vore med i planlegginga av angrepet som Taimour Abdulwahab gjennomførde i Stockholm. Påtalemakta meiner han i fleire år har delteke i komplottet som førde fram mot det mislukka angrepet.
– Fleire var innblanda
Påtalemakta meiner også at det er fleire innblanda i saka, men førebels er Menni den einaste tiltalte. Saka går i Glasgow fordi Menni budde der då han vart arrestert. Han avviser å ha noko med saka å gjere, melder TT.
Abdulwahab og Menni skal begge ha budd i Luton i England, og politiet meiner at dei to kjende kvarandre. Menni skal ha overført 50.000 kroner til Abdulwahab. Han risikerer fengsel på livstid om han blir funnen skuldig. Menni skal ha kjøpt falske id-kort og oppretta fleire bakkontoar med falske namn.
Det er sett av 12 veker til saka, og aktoratet åleine har ført opp heile 250 vitne.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Omfattande kontakt
Menni er tiltalt for at han saman med Taimour Abdulwahab og andre planla angrepet på Bryggargatan i Stockholm denne desemberkvelden i 2010. Aktoratet meiner planlegginga starta så tidleg som i 2003, og at dei to har hatt omfattande kontakt på e-post og telefon.
Aktoratet meiner også å vite at dei to møttest i Luton for å leggje siste hand på verket i planlegginga.
Berre sjølvmordsbombaren sjølv vart drepen i angrepet i Stockholm, men to som oppheldt seg i nærleiken vart såra.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Prøvde å oppnå kontakt
Ni dagar før angrepet sende Taimour Abdulwahabn ein e-post til Menni med ei lenkje til ei nettside med ekstremistisk islamistisk materiale, melder
.Like før angrepet 11. desember 2010, midt under julehandelen, ringde Abdulwahab til eit telefonnummer i Irak.
Like etterpå vart han oppringt frå eit telefonnummer i Irak. Kort tid etter prøvde han fleire gonger å ringje til Nasserdine Menni, meiner politiet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: