Hopp til innhold

Danmark regnar vekk

Den danske hovudstaden «drukna» i regnvatn natt til søndag. Nord for København står eit heilt bustadstrok under vatn.

Video Fossregn i Danmark

– Eg er sjokkert. Eg har budd her i 20 år og har aldri sett makan til regnvêr, seier Charlotte Brickwoldt, til dansk TV2.

Ifølgje Danmarks meteorologiske institutt fall det enkelte stader i landet 116 millimeter regn i løpet av natta, melder NTB.

– Slikt skjer aldri her i Danmark. Men no har det altså skjedd, seier Brickwoldt som jobbar i det danske jernbaneverket.

Brått og uventa

Ifølgje NTB er det ennå eit stykkje igjen til rekorden på 169 millimeter på 24 timar som blei sett i 1931, men likevel er det mange år sidan sist gong det regna like mykje i Danmark.

SJEKK: vêrmeldinga for København på yr.no

Under skybrotet som opna seg over sør-Sverige og Sjælland i går kveld, regna det meir enn 15 millimeter på èin time.

Uvêret skal ha kome brått og uventa på dei danske meteorologane, som hadde rekna med at regnet ville halda seg på den svenske sida av Øresund.

Himmelen opna seg

Laurdag kveld opna himmelen seg over Skåne før regnet fossa ned over den danske hovudstaden.

– Det regna så mykje at ein kunne korkje høyra eller sjå noko som helst. Me blei redde, fordi det var så voldsomt, seier danske Karen Rask til Politiken.

Ifølgje den danske avisa står eit heilt bustadstrok 30 kilometer nord for
København under èin meter vatn.

I Sverige er meteorologane forundra over eit vêromslag som deler landet i to, melder NTB. Uvanleg store temperaturforskjelar mellom sør og nord er meldt den kommande veka.

Kajakk i hagen

Både i Sverige og Danmark har mange hus- og restauranteigarar fått
kjellarane sine overfløymde med vatn, og fleire bilar står.

– I dag tidleg padla eg i kajakk i hagen. Regnet hadde fjerna den frå plassen sin, så eg måtte padle den på plass igjen, seier Henrik Pauli til den danske avisa Berlingske Tidende.

Sveriges meteorologiske og hydrologiske institutt målte over 66 milimeter regn i løpet av få timar i distriktet rundt Malmø.

Det var også fleire som blåste opp gummibåtar for å kome seg fram på motorvegane i København, som i natt såg ut som elver på grunn av regnet.



SISTE NYTT

Siste nytt