Hopp til innhold

Pakistansk regjeringsparti går av i protest

Eit nøkkelparti i den pakistanske koalisjons-regjeringa trekkjer seg frå samarbeidet i protest.

Fazlur Rehman

Fazlur Rehman er leiar for eit nøkkelparti i den pakistanske regjeringskoalisjonen. Tysdag trekte han partiet sitt ut av samarbeidet i protest.

Foto: FAROOQ NAEEM / AFP

Den mest framtredande muslimske politikaren i Pakistan, Fazlur Rehman , trekte tysdag partiet sitt ut av regjeringskoalisjonen som det var del av.

Utmeldinga er ein protest mot at ein minister som høyrer til partiet Jamiat-e-Ulema-e-Islam (JUI) nyleg blei avskjediga av statsministeren i landet.

– Det er umogleg for oss å bli i koalisjonen etter dette. Me seier no farvel til regjeringssamarbeidet, sa JUI-leiar Rehman til pressa etter eit partimøte i dag.

– Skuffa

Partiet har sju av totalt 342 seter i nasjonalforsamlinga, 22 i senatet og hadde tre av ministerpostane i regjeringa.

– Dei to andre ministrane har sagt opp stillingane sine med umiddelbar verknad, seier Rehman.

Han er skuffa over avgjersla om å sparka religionsminister Hamid Saeed Kazmi. Kazmi skal ha vorte avskjediga fordi han engasjerte seg i ein ordkrig om ein korrupsjonsskandale som omhandla pakistanske pilgrimar.

SISTE NYTT

Siste nytt