Uruguay er i desse dagar i ferd med å velje seg ny president. Første valrunde vart halden førre søndag, og valrunde nummer to er sett til 30. november. Valet markerer også slutten på president José Mujica si regjeringstid.
99 planter årleg
Den tidlegare geriljakrigaren har blitt kalla verdas fattigaste president, og bur på ein liten gard på landsbygda i Uruguay. Han har også fått merksemd for å få banka gjennom lovar som opnar for homofilt ekteskap og lovleg dyrking av cannabis i det søramerikanske landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
No kan grupper på opptil 45 cannabisprodusentar registrere seg i eit nasjonalt register, og få lov til å dyrke fram 99 planter årleg. Det er også mogleg å dyrke opptil seks planter heime. I tillegg skal cannabis og marihuana produserast av staten og seljast i apotek rundt om i landet.
Kan skje endringar med ny president
Men sjølv om legaliseringsarbeidet er godt i gang, kan det kome nye endringar snart.
Avgjersla om å gjere cannabis lovleg har vore omdiskutert. President Mujica har argumentert med at ei legalisering av cannabisproduksjon vil bidra til å svekke ulovlege narkotikakartell som øydelegg mange liv i Latin-Amerika. Men konservative krefter i landet har derimot vore ueinige.
- LES OGSÅ:
Presidentkandidaten Lacalle Pou har sagt at han vil stoppe staten si innblanding i produksjon og sal av marihuana, men at det framleis skal vere lov å framstille stoffet privat.
Folket er delte
Også den andre kandidaten, Tabaré Vasquez, varslar endringar. Men president Mujica kan ikkje sjølv stille til attval, fordi han no har vore president i to periodar.
Også blant folket i Uruguay er det delte meiningar. Ei undersøking frå 2013 viser at rundt 60 prosent av folket er mot legalisering, medan rundt 25 prosent er for.
Men medan landet ventar på ein ny leiar, så held registreringsarbeidet fram. Og styresmaktene trur det kan vere så mange som 150.000 cannabisdyrkarar som no skal registerer seg i det latinamerikanske landet, der marihuana utan tvil er det mest brukte rusmiddelet.