Putin sa dette på ein stor kongress i byen Sotsji ved Svartehavet i dag, dagen etter at Syrias president Bashar al-Assad kom på eit uventa besøk i Moskva. Putin seier at dei to snakka om kor viktig det er å få til ei
på borgarkrigen i Syria.– Assad sa til meg at han er villig til å snakke med væpna opposisjonsgrupper, dersom dei er genuint interesserte i å kjempe mot IS, sa Putin blant anna.
– Grunnlag for samtalar
Fleire vestlege leiarar har sagt at det russiske engasjementet i borgarkrigen i Syria, er ei hindring for ei fredeleg løysing. Kritikarane meiner at Russland ikkje berre bombar IS, men også moderate opprørsgrupper som kjempar mot Assad-regimet, også grupper som har fått vestlege støtte.
Putin meiner på si side at dei russiske bombeangrepa vil skape eit reelt grunnlag for samtalar om Syrias framtid.
Dei fleste vestlege land meiner at det ikkje er mogleg å få til ein fredeleg løysing så lenge Bashar al-Assad sit med makta, nokre leiarar har sagt at dei kan gå med på at han blir sitjande i ein overgangsfase.
– Frie val i Syria
Putin har heile tida støtta Assad, men sa i Sotsji i dag at det er opp til det syriske folk, gjennom frie val, å avgjere kven som skal leie landet, ikkje utanlandske politikarar.
Den russiske presidenten snakka også positivt om den ferske avtalen om militær samordning med vestlege land, for å unngå farlege situasjonar i luftrommet over Syria. Han trur dette kan opne for eit militært samarbeid mellom USA og Russland i Syria.
Vladimir Putin kom også med sterk kritikk av USA. Han skulda landet for å spele på to hestar når dei på den eine sida snakkar om å kjempe mot terroristar, samstundes som dei støttar andre terrorgrupper i eit spel som har som mål å påverke utviklinga i Midtausten i tråd med eigne interesser.
Nye bombeangrep
Både det russiske og amerikanske forsvaret melder i dag om nye luftangrep mot mål i Syria. I kveld melder nyheitsbyrået Reuters om fleire angrep mot byen Raqqa aust i Syria, som er under IS-kontroll.
Ein innbyggjar seier til nyheitsbyrået at det har vore minst 17 angrep mot byen i dag, og at straumforsyninga til byen er ramma. Fleire av kontora til IS i byen skal også vere bomba, blir det opplyst.
Det er uklart om det er russiske, britiske eller syriske fly som har gjennomført angrepa mot Raqqa i dag. Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights, som har gode kontaktar inne i Syria, opplyser at minst fire sivile er drepne i Raqqa i dag.