Hopp til innhold

Putin-talsmann: - Vesten har mista all truverd

KRIM (NRK): Russland latterleggjer Vesten si handtering av Ukraina-krisa. På Krim-halvøya er det no aggressiv stemning og frykt for reell krig.

Innyggjarane på Krim-halvøya fryktar at Vesten og Russland si innblanding i Ukraina vil enda med krig. Fredag blei det skipa til "kvit protest" for fred i Simferopol.

Folket på Krim er delte i meiningane om den autonome republikken framleis skal vera tilknytta Ukraina eller bli ein del av Russland. Dei fryktar at den spente situasjonen kan eskalera til ein valdeleg konflikt, og skipa fredag til ein "kvit protest" for fred.

Dmitrij Peskov og Vladimir Putin

Dmitrij Peskov (v), talsmannen til den Vladimir Putin, seier dei trur det er mogleg å bli samde med Vesten om Ukraina.

Foto: MAXIM SHIPENKOV / Afp

– Eg meiner at den (kald krig, journ.merk.) ikkje er eit faktum og ønskjer å tru at me ikkje kjem dit, seier talsmannen til den russiske presidenten Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, til det statlege russiske nyheitsbyrået RIA.

Samstundes latterleggjer Putin-talsmannen Vesten sine forsøk på å få til samtalar mellom Russland og Ukraina, og seier Vesten har mista all truverd gjennom handteringa av Ukraina-krisa.

Nyheitsbyrået Interfax-Ukraina melder fredag kveld at styrkar frå den russiske Svartehavsflåten har gått i land i hamnebyen Sevastopol og storma ein ukrainsk militærbase.

Meldinga kjem kort tid etter at det amerikanske marineskipet USS Truxtun passerte Bosporos-stredet i Tyrkia med kurs mot Svartehavet, der halvøya Krim ligg - ein eksplosiv kjerne til strid mellom Russland og Ukraina.

Ifølgje USA er skipet i området for å ta del i planlagde militære øvingar saman med marinen i Bulgaria og Romania.

Redsla for krig ligg no som ei tung skodde over Krim-halvøya, den evige verkebyllen i forholdet mellom Russland og Ukraina.

– Russiske soldatar stormar ukrainsk base

Stemninga har vorte meir aggressiv dei siste par dagane, etter at dei russiske styrkane som omringa ukrainske militærbasar på Krim trekte seg tilbake og det regionale parlamentet samrøystes vedtok å be Russland om å inkludera Krim i Russland.

I regionhovudstaden Simferopol pregar pro-russiske borgarverngrupper bybiletet. Fiendtlege tilrop og ryktespreiing er ein eksplisitt manifestasjon av dei sterke etniske og politiske skillelinjene blant Krim-folket.

Fleirtalet ønskjer likevel ikkje at den spente situasjonen skal utvikla seg til ein valdeleg konflikt. Fredag tok innbyggjarane til gatene for å delta i ein «kvit protest» for fred.

– Me er her fordi me vil ha fred i Ukraina. Me ønskjer at Ukraina skal forbli foreina. Kvit er fargen for fred og me vil ikkje at nokon skal ta oss for provokatørar, fortel demonstranten Luba Kolmakova til nyheitsbyrået AP.

Ein prest hadde også funne vegen til den kvite protesten. Med seg hadde han ein plakat med påskrifta «Den raude stjerna syg blod, hammar og sigd - død og svolt - skam over Moskva».

Uro på Krim

Dei kontrasterande haldningane til Vesten og Russland reflekterer den etnisk brokete folkesetnaden på Krim.

Foto: Kristian Elster / NRK

65.000 demonstrerte i Moskva

Også i Russland blei det skipa til støttemarkeringar fredag.

I Moskva demonstrerte 65.000 russarar i solidaritet med dei pro-russiske styresmaktene på Krim. «Russland for Krim», «Felles framtid» og «Russland og Krim - evig venskap», var blant bodskapa i utropa og på dei medbrakte plakatane.

Putin-talsmannen seier russiske styresmakter erkjenner at dei er djupt ueinige med Vesten om Ukraina si framtid, men håpar at dei kan forhandla seg fram til løysningar som alle partar kan leva med.

65.000 russarar demonstrerte fredag i Moskva til støtte for pro-russiske krefter på Krim-halvøya, ifølgje russisk politi.

Demonstrasjon i Moskva til støtte pro-russiske krefter på Krim-halvøya.

SISTE NYTT

Siste nytt