– Det hadde vore kjedeleg utan sladder, sa Putin då han måndag tok i mot den kirgisiske presidenten.
- LES OGSÅ:
Det var kunngjort at Putin skulle møte den kirgisiske presidenten Almazbek Atambayev i dag. Forventningane var store, for han hadde ikkje vist seg sidan han møtte den italienske statsministeren Matteo Renzi 5. mars.
Twitter har kokt over med spekulasjonar under emnet #whereisputin
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Putin avviser rykteflaumen
Vladimir Putin avviser alle rykta som har versert om at han skal ha vore sjuk som «sladder».
Den kirgisiske presidenten garanterte for helsa til Putin. Putin køyrde meg eigenhendig rundt palassområdet fortalde han.
– Russlands president går ikkje, han køyrer, og han er sjåfør for sine gjester, sa president Atambayev. Dei to møttest i Konstantinovpalasset utanfor St. Petersburg.
Tidlegare på dagen dukka flyet til Putin plutseleg opp på flyradaren då det landa i St. Petersburg. – Betre enn David Copperfield, vart det sagt av ein på Twitter.
Stor marineøving i nord
Samtidig som Putin viste seg i St. Petersburg, kunngjorde nyheitsbyrået Interfax at Russland vil halde ei stor marineøving i Arktis.
38.000 soldatar og anna forsvarspersonell vil delta.
LES MEIR HER: