Video Thora Arnórsdottir - presidentkandidat med mage - Foto: Nyhetsspiller /

Thora Arnórsdottir - presidentkandidat med mage. Reportasje fra Morgennytt.

Høggravid fembornsmor kan bli president på Island

Den høggravide presidentkandidaten - og favoritten - Thora Arnórsdottir har no teke pause i valkampen på Island for å føde sitt tredje barn.

Den siste meiningsmålinga viser at 37-åringen har ei oppslutning på 49 prosent, uhøyrt på ei øy der attval av sitjande presidentar meir eller mindre har vore ein formalitet.

President Olafur Ragnar Grimsson er på andreplass med 34 prosents oppslutning. Det er svært uvanleg at ein noverande president ligg bak ut utfordraren.

Bulande mage

Med bulande mage har Thora Arnórsdottir gjennomført ein halsbrekkjande valkamp. Ho har reist Island rundt for å sanke støtte frå alle dei som er frustrerte over den politiske eliten.

Mange støttar henne for å vise si avsky mot den politiske eliten som dei meiner sette økonomien over styr med fiksing og triksing.

Krisa var eit faktum då dei islandske bankane skulda ti gongar meir enn bruttonasjonalprodukt. Fleire tidlegare framgangsrike bankar gjekk konkurs og staten hadde ikkje pengar til å betale den enorme gjelda. Økonomien kollapsa, den islandske krona fall i verdi og prisane skaut i veret.

Mange kunne ikkje lenger handtere huslåna sine og mista alt dei eigde.

Artikkelen held fram under bildet.

Arnorsdottir annonserer sitt kandidatur - Arnorsdottir, da ho annonserte sitt presidentkandidatur.RUV

Arnorsdottir, da ho annonserte sitt presidentkandidatur.

Foto: RUV

Får kritikk for graviditeten

Det er ikkje ukontroversielt med ein gravid presidentkandidat. Avisene spekulerer i om ho har tenkt å byrje presidentperioden sin med fødselspermisjon.

Saman med ektemannen har ho til saman fem born, og det sjette altså få dagar unna.

Men kritikken prellar av kandidaten, som hevdar kvinner støtter henne.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Arnorsdottir - Arnorsdottir er tidligere TV-stjerne på Island.RUV

Arnorsdottir er tidligere TV-stjerne på Island.

Foto: RUV

– Kvifor skal kvinner vente?

– Kvifor skal ikkje kvinne gjere det dei vil, samtidig som vi får barn? Kvifor skal vi vente til borna er vaksne før vi gjer karriere, seier ho til den danske avisa Politiken.

Islands president Olafur Ragnar Grimsson og kona Dorrit Moussaieff - Olafur Ragnar Grimsson har vore president sidan 1996. Her med kona Dorrit Moussaieff. - Foto: JASON SZENES / Afp

Olafur Ragnar Grimsson har vore president sidan 1996. Her med kona Dorrit Moussaieff.

Foto: JASON SZENES / Afp

Thora Arnórsdottir er sjølverklært feminist, og seier at fødselen ikkje gjer henne meir stressa enn vanleg.

– Dette har berre vore moro, sjølv jordmora er overraska når ho måler blodtrykket mitt.

Vinn ho presidentvalet 30. juni, vil tre kvinner stå i første rekke når Alltinget opnar etter sommarferien. For som presidentkandidaten, er både statsministeren og biskopen av Reykjavik kvinner.

Presidentembetet er ikkje ei politisk stilling. Thora Arnórsdottir seier at ho først og fremst ynskjer å bli ein president som ser framover, og som arbeider for at landet kjem seg vidare etter finanskrisa som framleis pregar sagaøya.

I kjølvatnet av krisa har president Grimsson prøvd å politisisere embetet. Argumentet har vore at i krisetider treng Island ein sterk president. Ei av kampsakene til Arnórsdottir er å behalde presidentembetet som upartisk og upolitisk.

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Amerikansk dokumentar. Etter at de amerikanske styrkene trakk seg ut av Irak i 2011, har situasjonen i landet forverret seg. Nå regjerer et utbredt kaos, og USA blir på ny trukket inn i konflikten. Denne dokumentaren ser nærmere på USA sin rolle, fra invasjonen i 2003 til dagens desperate situasjon. (2014)
Britisk dokumentar fra 2014. Oppfølger til "Min bror, islamisten" hvor Robb følger sin halvbror Rich, for å forstå hvorfor han ble en radikal islamist og til slutt endte i fengsel for å ha planlagt terrorhandlinger. I kveld oppsøker Robb blant andre sin brors tidligere trosfeller, "Brødrene". Kan de gi en forklaring på hvorfor Rich gikk fra å være ekstremist til å bli terrorist? (My Brother: The Terrorist)
Br. dokumentar. På busstasjonen i Peshawar skjer det som skjer over heile Pakistan. Unge gutar blir utnytta og mishandla av vaksne menn. I ei undersøking svarte 95 prosent av sjåførane at å ha sex med smågutar, var det dei helst dreiv med i pausane sine. 13 år gamle Naeem blei gjeng-valdteken av fire menn då han var 10 år gamal. No er han prostituert og ønsker enkelte dagar at han aldri blei fødd. "Alle" veit om det, men få gjer noko for å beskytte gutane. (Bad Things: The Rape of Pakistan's Boys)