Hopp til innhold

Pentagon: Ahmed Abdi Godane er død

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon opplyser at Al Shabaab-leiaren Ahmed Abdi Godane vart drepen i eit amerikansk flyangrep i Somalia sist måndag.

Pentagon-talsmann John Kirby.

Pentagon-talsmann John Kirby stadfestar at Amhed Abdi Godane vart drepen i eit angrep i Somalia sist måndag. Han var også målet for angrepet.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

– Vi har slått fast at Ahmed Godane, ein av grunnleggjarane av Al Shabaab, er drepen, sa admiral John Kirby, pressesekretær ved Pentagon på ein pressebrifing i ettermiddag norsk tid.

– Det å fjerne Godane frå slagmarka er eit stort symbolsk og operasjonelt tap for Al Shabaab. USA arbeider i samarbeid med vener, allierte og partnarar for å stå i mot regionale og globale truslar, la han til.

- Henta ut lik med helikopter

Ahmed Abdi Godane var leiar for Al Shabaab.

Ahmed Abdi Godane vart drepen i eit amerikansk angrep i Somalia sist måndag, opplyser Pentagon.

Foto: - / Afp

BBC melde tidlegare denne veka at vitne har fortalt dei at amerikanske soldatar kort tid etter angrepet landa med helikopter på staden. Etter ei intens skotveksling med overlevande Al Shabaab-medlemer tok dei med seg lika og flaug ut igjen.

Dette er ikkje stadfesta av andre kjelder, men det kan vere ei rimeleg forklaring på kvifor amerikanske styresmakter er så sikre på at Godane vart drepen i droneangrepet måndag.

I kveld har Somalias president Hassan Sheikh Mohamud offentleg takka USA for at dei tok livet av Al Shabaab-leiaren.

Westgate-angrepet

Somalias president Mohamud Sheikh Mohamud.

Somalias president Mohamud Sheikh Mohamud takkar USA for å ha teke livet av Ahmed Abdi Godane.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Den islamistiske terrororganisasjonen Al Shabaab opererer i hovudsak i Somalia, men har gjennomført angrep også i nabolandet Kenya. Terrorangrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi i september i fjor var Al Shabaab sitt verk.

67 menneske vart drepne i angrepet. Sist søndag var minst ti menneske drepne då Al Shabaab gjekk til angrep på eit etterretningshovudkvarter i Mogadishu.

Det amerikanske droneangrepet sist måndag var retta mot ei samling av fleire leiarar i Al Shabaab. Guvernøren i Nedre Shabelle, der angrepet fann stad, sa tidlegare denne veka at han trudde at både Godane og sju andre leiarar i gruppa vart drepne.

Godane har stått på den amerikanske lista over dei åtte mest ettersøkte terroristane i verda.

– Hemn for innblanding

Det var Godane sjølv om gjekk ut og tok på seg ansvaret for angrepet på Westgate. Han sa det var hemn for kenyansk og vestleg innblanding i Somalia.

Abdi Ayante, direktør ved Heritage Institute for Policy Studies i Mogadishu, seier til nyheitsbyrået Reuters at Godanes død er eit vendepunkt for Al Shabaab.

– Det som truleg vil kome er ein maktkamp internt i organisasjonen, seier han. Han har vanskeleg for å sjå at det er andre leiarar i organisasjonen som har erfaringa som Godane har.

Godane var også kjend for å vere nådelaus mot dei i organisasjonen som ikkje støtta han.

Tiltalte i forbindelse med terrorangrepet på Westgate, Kenya

Arresterte Al Shabaab-mistenkte etter angrepet mot kjøpesenteret i Westgate i Kenya.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Truskap til Al Qaida

Som dei fleste andre leiarar i terrorbransjen går også Godane under fleire andre namn. Dei mest kjende tilnamna er Moktar Ali Zubeyr eller Mikhtaar Cali Zuubeyr. Han er fødd 10. juli 1977 i Hargeisa i Somalia.

Han skal ha fått terroropplæring i Afghanistan, før han reiste tilbake til heimlandet og var med på etableringa av Harakat Al Shabaab Al Mujahideen.

I 2009 sverja han i ein video på Internett truskap til dåverande Al Qaida-leiar Osama bin Laden.

Al Shabaab kontrollerte Somalias hovudstad Mogadishu og den sørlege delen av Somalia frå 2006 til 2011. Organisasjonen vart tvungen ut av hovudstaden av ein styrke frå Den afrikanske union. Også Kenya har fleire gonger sendt soldatar over grensa for å gjennomføre operasjonar mot Al Shabaab.

Westgate

67 menneske vart drepne i angrepet mot kjøpesenteret Westgate i september i fjor.

Foto: Overvåkningsvideo

LES OGSÅ: 15.000 på flukt frå Boko Haram

LES OGSÅ: Al-Shabaab: – Ikke kom til Kenya

LES OGSÅ: Minst ti drepne av terrorbomber i Nairobi

LES OGSÅ: 3 millioner dollar i dusør for «norsksomalier»

LES OGSÅ: – Vi vet at unge norsksomaliere rekrutteres til å krige for Al-Shabaab

SISTE NYTT

Siste nytt