Snowden vil få asylsøknad behandlet på nytt. Norske PEN vil bruke initiativretten og be UDI realitetsvurd søknad, sier Nygaard til NRK

William Nygaard i ytringsfridoms-organisasjonen PEN seier norsk lov gir Edward Snowden krav på å få realitetsbehandla asylsøknaden som UDI avviste på formelt grunnlag.

Unntaksregel gir Snowden krav på ny asyl-vurdering

Spionsikta Edward Snowden kjem til å få ei ny handsaming av sin avviste søknad om asyl i Noreg. Den norske organisasjonen for ytringsfridom PEN vil bruka initiativretten og be UDI vurdera on Snowden er forfølgd.

Det opplyser formannen i den norske avdelinga av PEN, William Nygaard til NRK.

– Det er etter vårt skjønn, så langt, eit klart høve for Noreg til å byggja på menneserettserklæringa og intensjon med den, og ta eit skritt for å støta ein som er utsett som varslar. Det er heilt naturleg for oss å føreslå at UD og UDI tek eit slikt initiativ. Det vil vera i god tradisjon for Noreg når det gjeld flyktningar, seier Nygaard til NRK.

Unnatak for forfølgde personar

Den tidlegare CIA-tilsette amerikanaren Edward Snowden er i heimlandet sikta for spionasje og tjuveri av statlege løyndomar etter å ha leke opplysingar om overvaking.

Tysdag mottok Utlendingsdirektoratet i Noreg (UDI) ein asylsøknad frå Snowden via den norske ambassaden i Moskva, der amerikanaren har oppheldt seg sidan den 23. juni.

UDI avviste søknaden på formelt grunnlag, fordi den ikkje var fremja slik lova krev. For å få vurdert behov for asyl må personen nemleg søkja frå Noreg eller frå ein norsk utanriksstasjon,

Det finst likevel eit unnatak.

Utlendinglova opnar blant anna for at ambassadane eller internasjonale organisasjonar som til dømes PEN eller Helsingforskomiteen kan fremja krav om at søknader vert handsama trass i at asylsøkjaren oppheld seg i utlandet.

For å kunne ta i bruk denne initiativretten må søkjaren vera utsett for forfølging og oppfylla vilkåra i Flyktningkonvensjonen.

Snowden: – USA driv med utanomrettsleg forfølging

I eit brev til Ecuador, som Snowden også har sendt asylsøknad til, framheld amerikanaren at USA driv ei utanomrettsleg forfølging av han.

«(...) så har USA svara med «ei utenomrettsleg menneskejakt som har kosta meg min familie og min fridom til å reisa og leva i fred utan frykt for ulovlege åtak», skriv Snowden i brevet til ecuadorianske styresmakter.

– Eit land som Noreg har styrke, kraft og innsikt nok til å ta eit slikt internasjonalt initiativ, seier Nygaard i norske PEN til NRK.

Retten PEN har til å ta opp saka er heimla i Utlendinglova §35 om overføringsflyktningar:

«Etter anmodning fra FNs høykommissær for flyktninger, andre internasjonale organisasjoner eller andre instanser som er fastsatt av Kongen i forskrift, kan Utlendingsdirektoratet innenfor de rammene og etter de retningslinjene som er fastsatt av overordnet myndighet, treffe vedtak om at en utlending skal gis innreisetillatelse. Kongen kan i forskrift legge vedtaksmyndigheten til et annet organ», heiter det i paragrafen.

Hanne Jendal er leder for asylavdelingen i UDI - Leiaren for asylavdelinga i UDI, Hanne Jendal, seier det kan bli aktuelt å ta ein ny kikk på Snowden sin asylsøknad. UDI

Leiaren for asylavdelinga i UDI, Hanne Jendal, seier det kan bli aktuelt å ta ein ny kikk på Snowden sin asylsøknad.

Foto: UDI
Har ikkje vurdert om Snowden treng vern

UDI vurderte ikkje om Snowden kan bli utsett for politisk forfølging og dermed har eit reelt behov for vern før dei avviste asylsøknaden dei fekk tysdag.

– Me har ikkje vurdert det slik søknaden framstår for oss i dag, opplyser leiaren for asylavdelinga i UDI, Hanne Jendal.

Ifølgje UDI kan Snowden få handsama asylsøknaden sin på nytt dersom den blir fremja på riktig måte, til dømes via menneskerettsorganisasjonar, UNHCR eller ein norsk utanriksstasjon.

– Då vil me kunne vurdera den på nytt, men det føreset at den følgjer prosedyrane. Saka vil då også bli vurdert etter vanlege reglar for å få innvilga asyl, seier Jendal.

Flere utenriksnyheter

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Japansk dokumentar. Kvar og når oppstod det første livet på jorda? Ein stor studie blei nylig starta for å løyse dette store biologiske mysteriet. Forskarane undersøker havområde djupare enn 1000 meter. Hydrotermiske opningar i havbotnen på desse djupa støyter ut vatn med temperaturar over 300 gradar. Teorien er at dette miljøet truleg er nesten det same som da livet blei til på jorda for fire milliardar år sidan. (Deep Sea Expedition - Searching for Life's Origin)
Hassan Dhuhulow kom til Norge da han var en ung gutt. I fjor deltok han i en brutal nedslakting av tilfeldige mennesker på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Minst 67 mennesker døde. Hva fikk Dhuhulow til å reise fra en rolig, norsk småby for å bli terrorist? Når ble han radikalisert? Vi har fulgt i hans fotspor, og møtt ofrene og de etterlatte i Nairobi.
Norsk dokumentar. Førstkommende søndag går 143 millioner brasilianere til valgurnene i den avgjørende omgangen i årets presidentvalg. Kampen står mellom venstresidens kandidat, president Dilma Rouseff, og sentrum-høyre-kandidaten Aecio Neves. Mye står på spill - også for norsk industri, som har investert store summer i Brasil.